Dette toget får toppfart på over 1200 km/t

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tog med toppfart på over 1200 km/t

Det amerikanske selskapet Hyperloop Transportation Technologies (HTT) skal i november gå i gang med å byggje ein testbane for eit tog som skal kunne gå like fort som lyden.

Overlydstoget skal kunne gjere unna ein distanse tilsvarande Oslo – Bergen på ned imot ein halv time, ifølgje HTT.

Den åtte kilometer lange testbanen får ein toppfart på over 1.200 kilometer i timen, men skal ikkje køyre fortare enn 250 kilometer i timen når det er passasjerar om bord, skriv nettmagasinet Dezeen.

I denne omgangen er det likevel ikkje farten selskapet vil teste, men korleis dei skal kunne tømme og fylle vognene for passasjerar på berre 30 sekund.

Prisen for testanlegget er på rundt 1,2 milliardar kroner og skal stå ferdig om to år. (©NPK)

LES OGSÅ: Framtidas framkostmiddel?

Illustrasjonen frå Tesla Motors viser korleis Musk og folka hans tenkjer hyperloopen.