Hyppig og variert bruk av nynorsk i skulen betrar motivasjonen og læringa til elevane, viser ny forsking.

mm

– Eg var nok ein ganske dårleg sidemålslærar, seier Kristin Kibsgaard Sjøhelle.

Fleire av tilhøyrarane hennar på Nynorskkonferansen nikkar med attkjenning når ho fortel at det var vanskeleg å få med seg fleire av elevane, som syntest nynorsk var stygt og umoderne.

Høgskolelektoren ved Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda fortel om doktorgradsavhandlinga ho er i ferd med å avslutta. Ho har følgt ein VG3-klasse i Trøndelag og sett på korleis elevane skriv formelt i skuleoppgåver og i tankespråk som chat og epostar. Ho har sett på korleis hyppig og variert bruk av nynorsk i sidemålsundervisinga har betra skrivinga til elevane.

LES OGSÅ: Nynorskelevar får betre karakterar

Nynorsk i kvardagen
– Me ville gjera nynorsk til eit språk som dei ser og bruker aktivt i kvardagen, seier Sjøhelle.

Elevane skulle bruka nynorsk i Fronter, på powerpointar og mykje elles i kommunikasjon mellom kvarandre og læraren.

– Uformell skriving er mindre «farleg» og aukar meistringskjensla til elevane.

Kristin Kibsgaard Sjøhelle ville sjå om språkbadsmetoden ville funka i sidemålsopplæringa. Metoden blir brukt for å bidra til å gjera elevar fleirspråklege.

Doktoranden tilrår at ein tenkjer på nynorsk gjennom alle skrivefasane: før ein byrjar å skriva, når ein skriv, når ein ser i gjennom det ein skriv og når ein gjer ferdig det ein skriv.

LES OGSÅ: Å skrive nynorsk hevar språkkompetansen

Bruker dialekt og litteratur som skrivestøtte
Sjøhelle har sett på kva støtte sidemålselevane bruker når dei skriv. Dei fleste bruker fleire ein kombinasjon av fleire, og varierer i bruken av desse alt etter kva type tekst dei bruker.

– Ordboka er ei veldig viktig skrivestøtte, men ikkje så viktig når dei skriv epost.

Fleire elevar bruker dialekt som språkleg støtte, nokre gonger eigen dialekt, andre gonger andre sin dialekt. Dei prøver å finna ut kva til dømes kva ein slektning frå Vestlandet ville ha sagt. Mange bruker òg nynorsk litteratur før dei skriv.

Kristin Kibsgaard Sjøhelle meiner det kan vera lurt å instruera elevane til å bruka litteratur som skrivestøtte, om dei ikkje gjer det allereie.

LES OGSÅ: Kvifor skrive nynorsk?

Frå nynorsk-hat til heilt greitt
– Noko av det som gler meg aller mest med resultata er tilbakemeldingane frå elevane, seier Kristin Kibsgaard Sjøhelle.

Ein av elevane i klassen som ho undersøkte hadde starta underskriftsaksjon på skulen mot nynorsk i skulen då ho fekk høyra om forskingsprosjektet. Etter prosjektet syntest ho det var heilt greitt å ha nynorsk som sidemål.

Lærarane kjem òg med veldig god tilbakemeldingar på forsøket.

– Om eg skal få lov til å seia ein ting, så er det at det er litt seint å byrja allereie i 3.klasse på vidaregåande, avsluttar Kristin Kibsgaard Sjøhelle.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE