Nynorsk-Noreg jublar over Nordisk Råds litteraturpris.

mm
Faktaboks

JON FOSSE

• Fødd 1959, i Haugesund. Oppvaksen i Strandebarm.
• Debuterte med romanen «Raudt, svart» i 1983
• Best kjend som dramatikar
• Særeigen og rytmisk skrivestil
• Fekk statens æresbustad for kunstnarar i 2011
• For Andvake-trilogien fekk han Nordisk råds litteraturpris i 2015

Les meir i Allkunne.no!

Tidlegare grunngivingar
”Is-slottet” av Tarjei Vesaas: Nordiska rådet litteraturpris tilldelas 1964 Tarjei Vesaas för den i nordisk vinternatur förankrade romanen "Is-slottet", som i en lyhörd stil gestaltar själsliga realiteter till en betvingande vision av människans ensamhet och sökande efter gemenskap.

”Dalen Portland” av Kjartan Fløgstad: Den skildrar med ett nyskapande språk människor som påverkas av motsättningarna mellan en ursprunglig jordbrukarmiljö och ett modernt industrisamhälle. Romanen präglas både av realistisk berättarkonst och fabulerande fantasi.

Les siste nytt om Jon Fosse her!

LES FAKTALUKK FAKTA

– Jon Fosse diktar sine eigne vegar, og Nynorsk kultursentrum med alle sine 24 stiftarar gratulerer han hjarteleg med Nordisk råds litteraturpris! seier direktør Ottar Grepstad etter at Fosse fekk prisen i Reykjavík tysdag kveld.

– Fosse treng ingen offisielle stempel for at lesarar og teatergjester verda over skal forstå kor god han er, men du verda kor fortent dette er, seier Grepstad. Onsdag gjekk flagget til topps i Ivar Aasen-tunet til ære for prisvinnaren.

Treng nynorsk litteraturhistorie
Etter Tarjei Vesaas i 1964 og Kjartan Fløgstad i 1978 er Jon Fosse den tredje nynorskdiktaren som får denne heideren.

– Det vil seie at representantar for tre generasjonar nynorsk litteratur har nådd til topps. Der er ein klokskap og ein poesi i denne forfattarskapen som alt har gjort Fosse til ein klassikar, meiner direktøren i Nynorsk kultursentrum.  

Jon Fosse var styremedlem i Nynorsk kultursentrum 2008–2011. Eit av spørsmåla som då var oppe i styret, var behovet for ei nynorsk litteraturhistorie. Der var Fosse ei klar røyst fortel Ottar Grepstad (bildet).

– Gong på gong har Fosse poengtert at eit språk må også ha ei litteraturhistorie. Ei slik historie vil vise mange utenkte samanhengar og skilnader i norsk litteratur, seier Grepstad.

Han har sjølv laga ei oversikt som viser at nær 1300 forfattarar har debutert på nynorsk.

LES OGSÅ: Fløgstad tronar på ord-toppen

– Aktualiserer behovet for Fosse-arkiv
Nynorsk kultursentrum har i fleire år arbeidd med å etablere Jon Fosse-arkivet for å ta vare på alle dei historiske og litterære verdiane kring forfattarskapen. Førebels er arkivet å finne i Ivar Aasen-tunet, og Fosse gir jamlege tilførslar av nytt materiale.

Prisen aktualiserer behovet for eit slikt arkiv, meiner Grepstad, som no vil kalle inn til nytt møte i styringsgruppa for Fosse-arkivet.

– Saka er grundig utgreidd. Det gjeld å finne beste staden for eit slikt tiltak, og ei løysing som er slitesterk i den digitale framtida, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

QUIZ:Kven skreiv boka?

 

 

Vil ikkje dela prisen med Bergen
Etter han mottok prisen blei Jon Fosse spurt av Erna Solberg om ikkje prisen òg er ein pris til Bergen, der Jon Fosse har budd i mange år.

– Nei, det vil eg ikkje ha noko snakk om. Fordi Bergen – Vestlandet er jo nynorskens hovudområde, med eitt unntak: Bergen, der riksmålet eller bokmålet, eller dansk-norsk, er det dominerande språket. Så statsministeren fekk ikkje prisen heim til heimbyen, ho må nok dela med omlandet; resten av Vestlandet, seier Fosse til NRK og Sveriges Radio.

I innslaget seier Fosse at han har levd eit omskifteleg liv. For tida bur han i Wien.

– Men nynorsken har alltid vore eit fast hus eller ein heim for meg i verda.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05
ANNONSE