Globalspråket

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flest norske ord i engelsk

Men først: Kva er eit hjelpespråk? Kort sagt er det eit språk som som blir brukt mellom folk som ikkje forstår kvarandre sitt morsmål. Lingua franca er ei anna nemning på eit hjelpespråk, men både opphavet og namnet kan nok forvirre litt. Lingua franca var nemleg ei nemning på det språklege møtet mellom folkegrupper i Middelhavet frå 1100-talet, særleg mellom handelsmenn. Det var eit språkmøte mellom dei romanske språka, og tyrkisk og arabisk, med størst vekt på dei første. Når Fredrik Skavlan svorskar i beste sendetid, kan vi kanskje seie at dette er eit forsøk frå han på eit lingua franca. Men språkmøtet i dette tilfellet er heilt og fullt asymmetrisk, for svenskane gjer jo ikkje det minste forsøk på å kome det norske språket i møtet. Det treng dei, strengt tatt, heller ikkje. Vi nordmenn er jo litt smartare, iallfall språkleg sett.

Engelsk er i dag det viktigaste hjelpespråket vi har, mot latin tidlegare. Fransk har også spela ei viktig rolle som diplomatspråk, og i dag kan ein seie at både fransk, russisk, spansk, kinesisk og arabisk er store hjelpespråk for mange. Desse språka er også dei offisielle språka i FN.

Men i Noreg må vi kunne seie at engelsk tronar på toppen. Det er også det språket vi påberopar oss å kunne så godt, og vi blir kry når utlendingar skryt av kor godt vi snakkar engelsk. Verkelegheita er ofte annleis, og då tenkjer eg ikkje på Torbjørn Jagland, altså. Vi blir flaue når nordmenn snakkar med sterk aksent – men kva er eigentleg problemet så lenge ein blir forstått? Å ha aksent når ein snakkar eit anna språk er svært vanleg.

Ordforrådet og setningsoppbygginga kan nemleg vere svært god, sjølv om ein har aksent. Det er nemleg oppdaginga du gjer når du første gongen prøver deg på engelsk; du finn rett og slett ikkje orda du tenkjer på. Blir ståande og stotre og sjå ut i lufta. Det var iallfall den opplevinga eg hadde då eg kom til USA som syttenåring. Etter eit år som utvekslingsstudent gjekk praten lett og fint – til og med draumane gjekk føre seg på engelsk. Men engelsk er altså eit språk som må lærast det òg, sjølv om vi trur vi får det til dels gratis her på berget.

Likevel, der er ein del slektskap mellom skandinavisk og engelsk. Eller vi kan vel heller kanskje seie norrønt, for det var då norrønt fanst at straumen av lånord gjekk motsett veg. Ifølgje språkprofessor Rolf Theil finst der fleire veletablerte norske lånord i engelsk enn engelske i norsk. Han nemner: awe, axle, bag, bait, call, crawl, die, dirt, egg, flounder, get, gift, hit, husband, ill, knife, law, leg, mistake, muck, nay, odd, plough, raft, ransack, skin, skirt, sky, take, they, ugly, want, window. Og mange fleire.

Reint språkleg er engelsk eit vestgermansk språk, som igjen er ei grein i den indoeuropeiske språkfamilien. Dei eldste røtene går attende til då jydar, anglarar og saksarar slo seg ned på den britiske øya på 400-talet, i samband med fallet til Vestromarriket. Det nye språket trengde unna britannisk, som var eit keltisk språk. Sidan har språkutviklinga gått sin gang, men den første påverkinga skjedda altså frå norrønt og vikingane.

I dag er engelsk i bruk som førstespråk for om lag 350 millionar menneske, som gjer det til det tredje spørste språket i verda. (Kan du gjette kva språk som er størst? Sjå på Allkunne.no.) Men det er altså truleg fleire hundre millionar som har engelsk som andrespråk, eller som hjelpespråk, kan vi seie.

Korleis blei det slik? Svaret er nokså enkelt: Imperialisme. Britisk kolonialisme spreidde språket til alle kantar av verda. Det har vel ikkje vore heilt uviktig at supermakta USA har engelsk som hovudspråk, heller. 

Noreg har alltid hatt ei forankring i vestleg kultur, og det er vel kanskje difor vi importerer så mykje kulturprodukt frå dei engelskspråklege landa. Iallfall må det vere her store delar av den engelske påverkinga kjem frå etter andre verdskrigen. Men det er ikkje berre i underhaldningsindustrien at engelsk blir brukt i Noreg – også i akademia og i næringslivet blir det brukt. Stadig fleire doktorgrader blir skrive på engelsk, og aktørar som ønskjer å nå ut breitt annonserer helst på engelsk.

På det privatspråklege planet legg eg merke til at bruken av engelsk ord og uttrykk brukt som slang heng saman med om eg er i Oslo eller i Volda, og kva aldersgruppe eg pratar med. Eg kan kome til Oslo og oppleve at eg brukar engelsk i annakvart ord, nærmast berre for å gli inn. Men bruken av engelsk høyrer du sjølvsagt blant ungdomar i Volda òg. Najs, til dømes, der ordet nice er blitt til noko du seier når du er temmeleg tilfreds med tilværet.

Ifølgje Språkfakta 2015, som har blitt lansert på nettstaden Aasentunet.no siste månaden, er "menn meir positive til engelsk enn kvinner er, dei unge er mykje meir positive enn dei eldre, og folk i Oslo-området er meir positive enn folk i vest og nord".

Det stemde bra med mine eigne røynsler.

Najs.


Først publisert på Aasentunet.no.