Alt anna enn ein ordinær skule

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg møtte Rudi, som arbeida på Hyssingen, i anledning at elevar frå Hyssingen var frivillige på ein ungdomsfest på BIKS (Bergen Internasjonale Kultursenter, journ. anm.) og vi byrja å prate. Vi fann rett og slett ut at det ville vert eit fint samarbeid, seier Tine Larsen, leiar for Bergen Internasjonale Musikkfestival (BIMF).

Vi sit ved eit bord innerst i kroken på Apollon. Ho nikkar bort til Rudi Bakken som sit på andre sida av bordet.

– Ja, absolutt. Då får ungdomen prøve seg der dei faktisk trengs. Viss dei ikkje gjer si oppgåve, så blir det krise for festivalen. Ein får ein følelse av meistring og det bygger sjølvfølelsen, legg Rudi Bakken til.

Hyssingen Produksjonsskule er ein skule for ungdom som enten ikkje kom inn på vidaregåande skule, eller for dei som droppar ut av skulen. Den gir ungdomen opp til eit år med praksis og læring før dei prøver å gå ut i arbeid eller anna skule. I år har dei tre verkstadar : restaurant og matfag, bygg og anlegg, og kultur.

– Det er alt anna enn ein ordinær skule, seier Baste Bruarøy, dagleg leiar for Hyssingen Produksjonsskule.

– Dei får vere i praksis kvar dag tilknytta ulike verkstadar, lære om det faglege, men og lære om seg sjølv, og får finne ut kva dei vil jobbe med seinare i livet, seier han.

LES OGSÅ: – Så gøy at det er kjipt å gå heim frå skulen

Tar del i festivalarbeid
Til festivalen vil gjengen på restaurant og matfag lage fingermat til opninga av festivalen, mat til dei andre frivillige, middag til crew, og eit par middagar til artistar som har bestillt.

– Vi lagar det meste på forhånd, og varmar det opp i lokale til BIKS, slik at det blir enklast for alle. legg Holgersen til.

– Det vi kjem til å gjere på festivalen er akkurat det vi gjer på skulen, berre ut i den store verkelegheita. Vi får gjere det «live», og det er ganske kult, seier Paal William Schrøder, som byrja på Hyssingen i mars på kulturavdelinga.

Under festivalen vil dei vere med teknikarane å styre lys og lyd på konsertane. Vi står rundt miksebordet på avdelingen, og Schrøder hjelper ein av dei heilt nye studentane. Miksebordet er eit flygel der dei har fjerna alle tangentane og det som følgjer med, og erstatta det med skjerm og miksebord. Pedalane til flygelet har blitt til støtta til eit betongbord, laga av elevane på bygg og anlegg.

Kent Richard Engesett er på bygg og anlegg-avdelinga. Til festivalen har dei fått i oppgåve å lage klar ein bar og fleire benkar til festivallokalet. Dei blir laga av gamle pallar for å skape eit litt shabby utrykk.

Festival med noko for ein kvar
– Bergen Internasjonale Musikkfestival er ein festival med noko for ein kvar. Der kan ein oppleve gamle punkere som spelar cumbia, fransk rap krydret med kongolesiske rytmar, progressiv basstromming til bittersøte melodiar, tradisjonsmusikk i ny innpakning og funky old school hip-hop, seier festival-leiar Larsen.

Og viss samarbeide mellom festivalen og Hyssingen fungerer bra, ser både Larsen og Bakken ingen grunn til å ikkje halde fram med dette samarbeidet.

– Ungdom er absolutt framtida. Dei har ein enorm kreativitet, og for nokon av desse elevane som allereie har fått tapar-stempelet, er det utruleg viktig at dei får gjere noko slik at dei får truen på seg sjølv, legg Bakken til.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

Hyssingen Produksjonsskule

• ein skule for ungdom som ikkje kom inn på VGS eller droppa ut
• første av sin type i Noreg. Starta i Danmark.
• blir styrt av Hordaland Fylkeskommune
• starta i januar 2015
• gir ungdomen opp til eit år med praksis/læring for dei blir oppfordra til å gå vidare på anna skule eller ut i jobb.
• har i år tre verkstadar : restaurant og matfag, bygg og anlegg, og kultur.
• skal utvidast med fleire verkstadar, og fleire elevplassar. (frå i dag 20 – 45 plassar)