Festivalar lanserer praktikantordning for «morgondagens arrangørar»

Festivalane Mablis, Festidalen, Bygdalarm Tysnesfest og Utkant går saman om ei praktikantordning for å sikra rekrutteringa til festivalane.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Etter korona har det vore ei kompetanseflukt, sidan det då var litt stille. Me vil få inn morgondagens arrangørar, seier Marie Rosted Furseth på telefon til Framtida.no.

Ho er prosjektleiar for festivalsamarbeidet Kulturkontoret og festivalsjef for Utkant. Dei fem festivalane Mablis, Festidalen, Bygdalarm Tysnesfest og Utkant samarbeider gjennom Kulturkontoret og har i år lansert ei ny praktikantordning.

Nettverk og kunnskap

Gjennom ordninga kan personar frå 18 år og oppover søkja om å få praksisplass hjå ein eller fleire av festivalane. Praksisen inneber at ein får eit nettverk, ei breiare opplæring og meir ansvar, og eit honorar på 5000 kroner per festival.

Marie Rosted Furseth er festivalsjef for Utkant og prosjektleiar for Kulturkontoret. | Foto: Robert Indrebø / Utkant

– Ein får eit godt nettverk, i alle fall på Vestlandet. Og er ein engasjert og gjer ein god jobb er det sjansar for å jobba vidare med festivalen ein jobbar på. Hadde dette vore medan eg studerte hadde eg meldt meg på sporenstreks, for det var noko eg sakna.

Furseth har sjølv studert music management ved Høgskolen i Hedmark (no Høgskolen i Innlandet) og jobba seg opp ved å vera frivillig i ulike festivalar.

– Ein kan sjølvsagt melda seg frivillig på alle festivalane. Det er like gøy det. Dette er for dei som har lyst å jobba vidare med dette. Ein får litt insideinfo og jobbar litt tettare med leiinga. Me er fem ganske ulike organisasjonar og det er fem forskjellige måtar å arrangera festival på og fem forskjellige publikum. Ein får ei mykje djupare erfaring enn om ein berre er frivillig, forklarar prosjektleiaren.

Overveldande respons

Ho fortel om ein overveldande respons på praktikantordninga og har allereie fått inn 100 søknadar frå folk i ulike aldrar. Akkurat kor mange som vil få tilbod er enno ikkje avklart, men ho håpar at nokon har tid og høve til å jobba på alle fem festivalane.

Furseth håpar at pilotprosjektet vert ein suksess, som kan bidra med å få friske inpuls inn i bransjen og halda dei små festivalane oppe.

– Mi oppleving frå Utkant er at det ikkje er så lett å rekruttera folk til å jobba på festivalar, i alle fall ikkje lokalt. Der slit me med å finna folk. Det finnast mange festivalfrilansarar, men det er mykje som skjer på sommaren og dei er ofte opptatt. Som små festivalar har me ikkje råd til høge honorar, forklarar ho.

Praksis for studentar

– Me er generelt positive til at studentane har ulik praksis og kjem nærare bransjen, seier Jonas Bjälesjö.

Han er førsteamanuensis og studieprogramansvarleg for Music business and Production ved Høyskolen i Innlandet.

Studentane har praksis femte og sjette semester og fleire av desse får innblikk i festivalbransjen.

– Det er alltid interessant for oss med nærare samarbeid med bransjen og oppmodar studentane til å ta frivillige oppdrag og læra seg bransjen, forklarar han.

Frå deira praksiserfaringar kunne han ynskja seg at det òg var tilgang på praksistilbod som var endå lenger og over fleire periodar, utan at det går ut over studia.

Jonas Bjälesjö er førsteamanuensis og studieprogramansvarleg for Music business and Production ved Høyskolen i Innlandet.

Førsteamanuensen har ikkje statistikk på kor mange av studentane som ser føre seg ein karriere innan livebransjen, men anslår at det truleg dreier seg om kring 30 prosent.

– Livesektoren er jo den største sektoren i musikkbransjen og omset meir enn streamingøkonomien, så det er mange som kunne tenkja seg å jobba live. Om ein til dømes vil jobba med tourmanagment og turnear er òg festivalar viktig, understrekar han.

Norske kulturarrangører heiar

Dagleg leiar i Norske kulturarrangører Siri Haugan Holden heiar stort på initiativet

– Me synest det er kjempebra at Kulturkontoret set i gang med dette og håper at fleire gjer som dei, seier ho på telefon til Framtida.no.

Norske kulturarrangører hadde for første gang eit praktikantprogram i fjor der 15 personar fekk plass på kvar av festivalane Malakoff, Kongsberg Jazz, Pstereo og Festspillene i Nord-Norge. Praktikantprogrammet var mellom anna støtta av Sparebankstiftelsen DNB og er noko dei veldig gjerne vil få på plass igjen til neste år.

Dagleg leiar i Norske kulturarrangører Siri Haugan Holden. | Foto: Jane Lool

– Det er eit godt tilskot fordi dei som er nysgjerrige på å ta steget inn i festivalbransjen ikkje alltid har tid å bruka til å jobba gratis. Når dei får eit honorar, kan det bidra til å senka terskelen, meiner Haugan Holden.

Ho har vore i kontakt med Kulturkontoret for å dela erfaringar frå deira ordning og er tydeleg på at praktikantordningar ikkje kan erstatta frivilligheita, men er eit godt tiltak for å gje unge ein praksisretta inngang til musikk- og festivalbransjen.

Festivalbransjen har under korona slite med å få tak i nok frivillige, men ifølgje ei medlemsundersøking blant Norske kulturarrangørar var det ein liten oppgang allereie i 2022.

Oppfølging og rutinar

Som praktikant kan du forventa meir oppfølging enn som frivillig.

– Målet er jo at ein skal få litt innsikt i korleis festivalane drivast, og det krev dedikerte personar som følgjer opp. I tillegg er det fornuftig å vera ein veletablert festival med gode rutinar og arbeidsfordeling, seier Haugan Holden.

Ho understrekar at det på same måte som for dei frivillige er viktig skapa eit godt miljø, som gjer at talent har lyst å søkja seg tilbake.

– Målet er at det kjem nokre talent inn som faktisk blir. I tillegg er det ein fordel at det er samansett av ulike personar fordi resultatet vert betre når ikkje alle liknar på kvarandre. Det er endring på gang, men har framleis ein veg å gå i musikkbransjen for å spegla samfunnet me lev i, avsluttar ho.