Sultprisen til Lars Petter Sveen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Årets Sultprisvinner er ei djerv, stilsikker og høgst original stemme i den norske samtidslitteraturen, sa Tonje Vold, styremedlem i Gyldendals Legat, i pristalen då Lars Petter Sveen i dag mottok Sultprisen 2015.

Den forlagsfrie prisen, som vert delt ut årleg av Gyldendals Legat, går til eit yngre eminent forfattarskap. Prisen er på 200.000 kroner.

Lovande forfattar
Tidlegare i år kåra Morgenbladet den kritikarroste 33-åringen til ein av Noregs ti beste forfattarar under 35 år.

For novellesamlinga Køyre frå Fræna (2008) fekk Lars Petter Sveen både Tarjei Vesaas debutantpris og Aschehougs debutantstipend.

I fjor kom tredjeboka Guds barn, som tek utgangspunkt i Det nye testamentet.

Boka vert omtala som hans verkelege gjennombrot.

LES OGSÅ: Lars Petter Sveen: – Eg var redd dei kristne ville bli støtt 

USA og Danmark
For Guds barn vart Sveen tildelt Nynorsk litteraturpris 2014 og Jan Roar Leikvolls minnepris.

I tillegg var boka, som er selt til både Danmark og USA, nominert til mellom anna Ungdommens kritikarpris og P2-lyttaranes romanpris. 

Juryen meiner prosaen er sanseleg og poetisk, og at Sveen set tonen i teksta med stor autoritet.

– Det er eit meisterstykke korleis forfattaren får leseran til å sjå samtida i augo gjennom ein litterær dialog med 2000 år gamle tekstar, og samtidig får desse velkjente tekstane til verka på nytt for oss, seier Vold i talen.

Faktaboks

Tidlegare vinnarar:

2014: Alfred Fidjestøl
2013: Eirik Ingebrigtsen
2012: Ingvild H. Rishøi.
2011: Gaute Heivoll
2010: Ingrid Storholmen
2009: Gunnhild Øyehaug
2008: Carl Frode Tiller
2007: Kyrre Andreassen
2006: Steinar Opstad
2005: Pedro Carmona-Alvarez
2004: Nils-Øivind Haagensen
2003: Tone Hødnebø
2002: Trude Marstein
2001: Øyvind Rimbereid
2000: Thure Erik Lund
1999: Hanne Ørstavik
1998: Johnny Halberg

Gyldendals legatstyre består av Tom Egil Hverven (leiar), Kåre Bulie, Geir Mork, Tone Selboe og Tonje Vold.