Heidra for nyskapande bibelforteljing

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han fekk Nynorsk litteraturpris

– Eg er veldig glad for at eg har fått prisen. Eg hadde nynorsk på barneskulen, bytte til bokmål på ungdomsskulen og vidaregåande. Men eg fekk aldri noko nærleik til det språket, den nærleiken har eg berre til nynorsken, fortel Lars Petter Sveen, då han tok imot prisen.

Sveen bur til dagleg i Tanzania, der han arbeider som forfattar på fulltid, men mållagsmedlemmet var heime i Noreg for å ta imot prisen.

Det er Noregs Mållag, Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen, som vart delt ut fyrste gong i 1982.

I tillegg til eit diplom får vinnaren 30.000 kroner.

LES OGSÅ: Den nye, gamle historia

Personane rundt Jesus
Romanen «Guds barn» tek utgangspunkt i Det nye testamente. Historia byrjar ved Jesu fødsel og sluttar etter hans død, men Sveen har valt å bygja ut persongalleriet og dikta vidare rundt personar, som gjerne berre er vigd ei setning i originalverket.

Ifølgje forfattaren sjølv er tredjeboka hans beste til no. Og kritikarane ser ut til å vera einige.

Romanen er seld til USA og har vore nominert til både Kritikarprisen, Ungdommens kritikarpris og P2-lyttarane sin romanpris, før han no når heilt til topps.

Juryen meiner Sveen har skrive ein samansett roman om det gode, det vonde og det vakre. Ein roman av eit slag ein aldri heilt har sett maken til, og som vil leve vidare hos lesaren lenge etter at lesinga er over.

Vakkert og brutalt
I grunngjevinga heiter det at Nynorsk litteraturpris 2014 går til ein modig og tankevekkande roman som kombinerer det historiske og det samtidige på særeige vis. Romanen går inn til mergen av samtida vår, ved å fortelje om handlingar som skjedde for 2000 år sidan. Det bibelske, det tidlause og det samtidige er vove saman i eit fascinerande mønster av forteljingar om enkeltmenneske sine lagnader, håp og verdiar. Mange historier er sette saman til ei stor.

Romanen let oss bli kjende med ulike menneskelagnader og deira møte med vondskap og kjærleik, tvil og tru, opprør og makt. Vi møter menneske som vert knuste av vondskap, som vert skaka av tvil, som vert løfta i tru. Dei lever i eit samfunn fylt av bestialitet og vondskap, men der kjærleiken og det gode heile tida også finst – som ei mulegheit.

Prisvinnaren gjer bruk av krafta, rytmen og poesien i det bibelske språket, og gjer det moderne, vakkert og brutalt, meiner juryen, som består av forfattarane Ove Eide, Ragnar Hovland og Mari Moen.

Faktaboks

Lars Petter Sveen (fødd 1981)

Forfattar frå Fræna i Møre og Romsdal

Har studert på Skrivekunstakademiet i Bergen, har i tillegg bachelor i historie og er utdanna bibliotekar

Debuterte i 2008 med novellesamlinga «Køyre frå Fræna», som han mellom anna fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for

I 2011 kom «Eg kjem tilbake»

Var ein av tre festspeldiktarar i Språkåret 2013

Kjelde: Wikipedia

Tidlegare vinnarar:
2013 Sigrun Slapgard for «Englestien»
2012 Lars Amund Vaage for «Syngja»
2011 Marit Eikemo for «Samtale ventar»
2010 Jan Roar Leikvoll for «Fiolinane»
2009 Kjartan Fløgstad for «Grense Jakobselv»
2008 Gunnhild Øyehaug for «Vente, blinke»
2007 Frode Grytten for «Rom ved havet»