Sveen fekk pris for litterært mot

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det vanka mykje ros til Lars Petter Sveen då han slapp den tredje boka si, «Guds barn», i fjor. Utgjevinga har her heime vorte omtalt som inkje mindre enn ei litterær storhending, og boka vart raskt seld til USA og Danmark.

LES OGSÅ: Den nye, gamle historia

No har forfattaren også fått Jan Roar Leikvolls minnepris. Heideren vart Sveen til del under eit arrangement på Litteraturfestivalen på Lillehammer, melder Samlaget.

Tidlegare har han fått Tarjei Vesaas' debutantpris og vore festspeldiktar under Dei nynorske festspela.

I samband med prisheideren uttalte juryen at «vi har å gjere med ein original og ikkje minst modig prosaist som viser ein særeigen vilje og evne til å gripe tak i fliker av kjent stoff, og gjere dette til sitt eige».

Jan Roar Leikvolls minnepris er eit samarbeid mellom familien til Jan Roar Leikvoll og Det Norske Samlaget. Prisen blir delt ut årleg, i utgangspunktet i tre år, og er på 50.000 kroner. Prisen går til eit nynorsk, skjønnlitterært forfattarskap av høg kvalitet og originalitet. Forfattaren må ha debutert etter 2005 og kan maksimalt ha gitt ut fire titlar. Prisen vart delt ut for første gong i år. (©NPK)

LES OGSÅ: Samlagsprisen til Leikvoll