Senterpartiet yppar til helseduell

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sentraliseringspolitikken til Høie svekkjer den lokale beredskapen. Helsa til folk er like viktig uavhengig av kvar du bur, seier Vedum til NTB.

Helseministeren skal seinare i haust legge fram ein nasjonal helse- og sjukehusplan, men torsdag kom Senterpartiet han i forkjøpet. Partiet avviser alle dei tre utviklingsmodellane Høie har foreslått for sjukehusa og lanserer i staden ein fjerde modell.

– Vår nettverksmodell byggjer på samarbeid mellom sjukehus, ikkje konkurranse, seier helsepolitisk talskvinne Kjersti Toppe.

LES OGSÅ: Overleving varierer mellom sjukehusa

Lokalsjukehusa
Eitt av alternativa til Høie er å fortsette med strukturen vi har i dag og halde oppe akuttkirurgien ved dei minste sjukehusa i «nokre år til». Men det er ikkje godt nok for Senterpartiet.

– Det er ikkje eit livskraftig alternativ, heiter det i Sp-planen, som skildrar lokalsjukehusa som eiker i eit hjul der regionsjukehuset er navet.

Ein føresetnad for Sps «nettverksmodell» er at lokalsjukehusa blir sikra breiddekompetanse innan akuttkirurgi, akuttmedisin, anestesi, røntgen og laboratorietenester. I tillegg skal sjukehusa ha eit fødetilbod.

– Mellom 50 og 70 prosent av alle pasientar som blir lagt inn for øyeblikkeleg hjelp, kan ferdigbehandlast på lokalsjukehusnivå. Ein stor del av pasientane har altså ikkje behov for eit høgt spesialisert tilbod, heiter det.

Sp avviser også påstandane om at det er kvalitetsforskjellar på tilbodet ved små og store sjukehus.

– Dårlege resultat, svikt i pasientbehandlinga og uheldige hendingar skjer dessverre både på små og store sjukehus, heiter det i Sp-planen.

LES OGSÅ: Helseministeren vil finna ut kva eit sjukehus er

Grense for belegg
Ein nasjonal grense for gjennomsnittsbelegg i sjukehussenger på 85 prosent, som dei har i Storbritannia, er eit konkret krav frå Senterpartiet.

– Vi har allereie sprengt kapasiteten på sjukehusa. Dersom Høie trur vi får fleire sjukehussenger ved å legge ned sjukehus bør han prøve reknestykket på ny, seier Vedum.

Ein rapport frå Helsedirektoratet viser eit gjennomsnittsbelegg på 93 prosent, langt over snittet for OECD generelt på 78 prosent.

Senterpartiet tar også til orde for ei snarleg avvikling av føretaksmodellen, noko regjeringa legg opp til at tidlegast kan skje i neste periode. Krav om nye finansieringsformer og eit klart nei til meir innkjøp frå private tilbydarar er andre delar av helseplanen til Sp. (©NPK)