UiB vil ha Volda på laget

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ei fjør i hatten for fagmiljøet vårt at dei tek kontakt om eit slikt samarbeid, seier rektor på Høgskulen i Volda, Johann Roppen, om brevet han har fått frå rektoren på Universitetet i Bergen.

I intensjonsnotatet frå rektor Dag Rune Olsen står det at UiB ønskjer eit framtidig og tettare samarbeid med HVO. Mediefag og nordisk språk og litteratur, er blant områda som sett frå UiB sin ståstad peikar seg ut for å få til tettare relasjonar med HVO, skriv Sunnmørsposten.

Johann Roppen har skissert tre alternativ for framtida til høgskulen. Det eine er ein allianse mellom sjølvstendige institusjonar, og høgskulane i Molde, Volda og Lillehammer hatt fleire møte for å utvikle ideen om ein høgskuleallianse.

Det andre alternativet er eit profesjonsuniversitet for Vestlandet. Høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har starta ei utgreiing av ein profesjons-høgskule/-universitet, og HVO har vorte invitert med i denne utgreiinga.

LES OGSÅ: Fusjonsflørten i vest

Det tredje alternativet er eit samarbeid mellom UiB og HVO, slik som det blir invitert til i brevet frå UiB-rektoren.

– Det er spennande at eitt av Noregs eldste og beste universitet vil samarbeide tettare med Høgskulen i Volda. Vi har mange og lange samarbeidsrelasjonar med Bergen, men vi samarbeider også med Oslo og Trondheim, seier Roppen.

Han seier til avisa at brevet frå UiB vil verte lagt fram for høgskulestyret på eit møte i slutten av oktober, saman med andre invitasjonar og førespurnader HVO har fått i høve framtidig høgskule- og universitetsstruktur. (©NPK)

LES OGSÅ: Høgskular med døra på gløtt