Slik får du nye, gamle epletre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Poding av frukttre er ein metode for å lage nye tre av ein sort som blir kopiar med dei same arveanlegg og genar som morssorten. Ein set ein kvist frå mortreet inn på ei grunnstamme eller eit anna tre og får dei til å vekse saman og bli eit nytt stort tre.

Dersom du ønskjer deg tre av gamle sortar eller ønskjer eit nytt tre av kvist frå eit gammalt tre du har i hagen, kan du tinge hos feltgenbankar i fruktdistrikta i Sør-Noreg, så sant dei ikkje har fått restriksjonar grunna plantesjukdommen heksekost. Sjekk også om lokale planteskular kan tilby det du er på jakt etter. Enkelte har populære gamle eplesortar i sal.

– Det er ei stor og aukande interesse for å dyrke historiske epletre, men også nye, moderne sortar. Det er bra. Slik blir det større variasjon i fruktdyrkinga og ikkje det same over alt, seier Morten Rasmussen på Norsk genressurssenter.

LES OGSÅ: Redningsaksjon for norske epler