Redningsaksjon for norske eple

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gamle, tradisjonelle eplesortar blir stadig meir populære. Ein vil ha smaken av dei kjende og kjære norske syrlege epla og stadig fleire plantar derfor nye tre av dei gamle sortane som var i ferd med å bli borte.

Kanskje har det vore dyrka over 400 ulike eplesortar i Noreg. Til og med vikingane åt eple, men det var frå 1700-talet at epledyrking vart ei viktig næring her i landet.

Fruktdyrkarane innførte nye sortar frå utlandet, og dei tok vare på gode kryssingar og mutantar som oppstod. Bygder og regionar utvikla også lokale sortar som eigna seg best akkurat der ut frå vêr og jordsmonn.

LES OGSÅ: Er mat eit større tabu enn sex?

«Moderne» frukt
Men du finn ikkje mange av desse sortane i butikkane i dag. På 1980-talet vart mange gamle frukthagar rydda for å gje plass til moderne, lettstelte frukttre.

– Det er ulike grunnar til at gamle eplesortar ikkje er i marknaden lenger. Smak, konsistens, farge, lagringsevne, modningstid, sjukdomsresistens, storleik på trea, og så vidare. Alt spelar inn i den moderne fruktproduksjonen, seier førsteamanuensis og planteforskar Siv Fagertun Remberg ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (Nmbu) på Ås.

Universitetet har ein frukthage med om lag 50 ulike historiske eplesortar frå heile landet, der epla blir forska på og viktig, genetisk plantemateriale teke vare på.

– Nokre av dei gamle sortane har lite dekkfarge og då viser ulike skadar lett, og det sel dårleg. Mange forbrukarar vil ha raude, krispi eple med saftig, søt smak. Norske eple har naturleg eit høgare syreinnhald på grunn av klimaet. Dei har lågare sukkerinnhald, men kan likevel ha fantastiske aromastoff i seg, seier Remberg og viser særleg til sortane gravenstein, åkerø og raud torstein.

LES OGSÅ: Sjølvberga med poteter

– Og mange av dei gamle eplesortane kan vere gode til andre ting enn berre konsum. Kanskje eignar dei seg til tørking eller juice- og siderproduksjon? Meir forsking kan gi svaret på det, seier Remberg.

Redningsaksjon
Mange av dei tradisjonsrike eplesortane er borte og fleire står i fare for å bli det, men det er gjort ein iherdig innsats for å redde mange av dei historiske eplesortane.

– Norsk genressurssenter har over fleire år kartlagt og samla inn eple frå heile landet med god hjelp frå botaniske hagar, planteskular og publikum, fortel Morten Rasmussen hos Generssursenteret.

Det har resultert i ei liste på over 200 nasjonalt verneverdige eplesortar (kalla mandatsortar på fagspråket). Dei fleste sortane er sikra i feltgenbankar. Desse verneverdige sortane har vore dyrka i eit visst omfang i Noreg, eller sortane har spesielle eigenskapar som kan vere verdifull for framtidig norsk fruktdyrking.

Feltgenbankane ligg i fruktdistrikta i Sør-Noreg og er alt frå museum og bygdetun til forskings- og undervisningsinstitusjonar. Desse brukar fruktsamlingar som ein del av verksemda si. Mange av dei har fleire fruktsortar enn dei som er nasjonalt verneverdige.

Dette er i dei fleste tilfella lokale sortar som har vore brukte i eit avgrensa område og som har lokal kulturhistorisk verdi.

Ulike eplespesialitetar i ulike landsdelar
Alle landsdelar har hatt sine spesialitetar når det gjeld fruktsortar. I tillegg til dei viktigaste fruktdyrkingsområda i Hardanger og Sogn, Telemark og Buskerud har frukt vore dyrka i betydeleg omfang sør i Østfold, på Sørlandet og på Sørvestlandet.

Nokre sortar har vore vanlege i alle fruktdistrikta, som til dømes gravenstein, ulike typar av torstein-eple, åkerø, astrakan, transparente blanche og filippa.

Vestlandet har sine spesialitetar som rosenstrips, fuhr, james grieve og ulike typar av sorten prins.

I innlandsfylka der klimaet er hardt med kalde vintrar, har sortane haugmann, alexander og charlamovsky vore vanlegare, medan kyststrøk både i aust og vest har hatt vilkår for sortar som signe tillisch, sävstaholm, og flaskeeple.

Sortar som ribston, leinestrand og gul richard har vore mest dyrka i låglandet austafjells.

LES OGSÅ: Kva med litt nygrilla tarechips?

Faktaboks

Veit du kva eplesortar du sjølv har i hagen? Kanskje er det ein sjeldan sort eller ein sort med ei interessant historie. Iallfall finst det truleg enno gamle frukttre i hagar og på gardar rundt om i landet som enno ikkje er registrerte. Norsk genressurssenter hjelper til med å sortsbestemme frukt, men det er ikkje alltid ein finn svaret.