Solberg: Flyktningstraumen blir dyr

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan kosta opptil 50 milliardar

Statsministeren viser til UDI-anslag om at det vil komme 23.000 asylsøkjarar til Noreg i år og 33.000 i 2016.

– Prognosane for kor mange som kjem er usikre, men skulle 40.000-50.000 få opphald, vil utgiftene dei neste fem åra kunne bli mellom 40 og 50 milliardar kroner, seier statsministeren i Stortinget tysdag.

LES OGSÅ: Kraftig auke i talet på flyktningar via Russland

– Med ein stor del einslege mindreårige vil talet bli betrakteleg høgare. I tillegg kjem dei langsiktige samfunnsøkonomiske kostnadane. Desse vil særleg avhenge av arbeidsdeltakinga, utdjupar Solberg.

Statsministeren viser til at Sverige vil opprette teltleirar for asylsøkjarar, og seier at også Noreg vil vurdere «enklare løysingar».

– Det er viktig å vere praktisk og løysingsorientert i denne prosessen. Vi er nøydde til å få kostnadane ned. Asylsøkjarane skal få eit godt og forsvarleg, men nøkternt tilbod, seier ho.

Solberg meiner også at tilbodet til asylsøkarane som kjem til Noreg, bør samsvare med tilbodet i samanliknbare land, slik at ikkje fleire enn det som er naturleg vel Noreg som mottaksland. (©NPK)

LES OGSÅ: Syria: Eit folk på flukt