Ventar fleire hundre flyktningbarn framover

Det er venta at ytterlegare drygt 300 barn under 15 år vil kome åleine til Noreg i år, ifølgje barne-, ungdoms- og familieetaten.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er basert på talet på barn som er komne hittil i år. Dersom det fortset i same tempo ut året vil det komme 700 barn, seier regiondirektør Ingrid Pelin Berg i barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) til P4.

LES OGSÅ: Syria: Eit folk på flukt

Behov for fosterforeldre
Det kom 410 barn under 15 år frå januar til september. Til samanlikning kom det 180 einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år til Noreg i fjor.

Gjennomsnittsalderen på dei som har kome hittil er 13,6 år, men nokre av dei er heilt ned i niårsalderen, opplyser Berg.

Hittil er det busett 93 barn i 37 kommunar rundt om i landet. Bufetat anslår at det vil bli behov for å busetje over 300 barn til i år.

– Alle skal bu i ein kommune. Men mange av desse barna har behov for å få ramma av ein familie, dei treng fosterheim. Når talet aukar på den måten det gjer no er behovet for fleire fosterforeldre også aukande, seier Berg.

Rundt 90 prosent av einslege mindreårige under 15 år får opphaldsløyve. (©NPK)

LES OGSÅ: Ungdom krev handling i flyktningkrisa