Støttar fleire nynorske bøker for born og unge

Regjeringa gir Samlaget ein halv million ekstra.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa føreslår å auka støtta til Samlaget med ein halv million kroner. Pengane skal gå til fleire bøker på nynorsk for born og unge.

– Det er viktig med god litteratur for born og unge på begge målformer. Ei styrking av tilskotet til Det Norske Samlaget vil legga til rette for eit breiare litteraturtilbod på nynorsk for dei unge lesarane, også digitalt, seier kulturminister Thorhild Widvey i ei pressemelding.

– Demokratisk rett
Forlagsdirektør Edmund Austigard gler seg over meldinga.

– Samlaget har peika på barns demokratiske rett til lik tilgang på litteratur på eige språk. Dette fordi lesedugleik er avgjerande for full deltaking i samfunnet. For å oppnå god lesedugleik må ein ha bøker å lesa. Det er i dag eit stort underskot på nynorsk bøker, både i skulebibliotek og folkebibliotek, men også i bokhandel. Særleg vanskeleg er det å finna serielitteratur på nynorsk sidan denne litteraturen berre unntaksvis er dekt av innkjøpsordninga. Serielitteratur er viktig for oppøving av lesedugleik. Det same gjeld for lettlestlitteratur, som heller ikkje er dekt av innkjøpsordninga, seier Austigard til Framtida.no.

Samlaget vil gjera eit krafttak for å betra situasjonen, både digitalt og i talet på utgjevingar.

– Det er derfor svært gledeleg at budsjettframlegget støttar denne ambisjonen. Så er det nok slik at det skal mykje meir til, men me får ta steg for steg, avsluttar forlagsdirektøren i Samlaget.

LES ALT OM STATSBUDSJETTET HER!