Regjeringa vil gjere det lettare for nordmenn å studere i ikkje-engelskspråklege land som Kina, India og Japan.

NPK-NTB
NPK-NTB

Regjeringa lanserer derfor strategien Panorama samtidig som statsbudsjettet blir lagt fram onsdag formiddag.

Tradisjonelt er ikkje Brasil, Russland, India, Kina, Sør-Afrika og Japan land Noreg har samarbeidd mykje med innan høgare utdanning og forsking, men det skal det no bli ei endring på.

LES OGSÅ: Studentar føler dei blir «avbefalt» utveksling

– Desse landa står for ein stadig større del av kunnskapsproduksjonen i verda, og det er viktig at Noreg og norske universitet og høgskular knyter tettare band til dei, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Strategien Panorama er ei oppfølging av langtidsplanen til regjeringa for forsking og høgare utdanning og byggjer opp under måla om å styrkje Noregs konkurransekraft og innovasjonsevne, løyse store samfunnsutfordringar og utvikle fagmiljø av høg kvalitet.

Blant fleire målretta tiltak som regjeringa foreslår, er etablering av betre ordningar gjennom Lånekassen for språkopplæring ved studium i ikkje-engelskspråklege land. Programmet UTFORSK skal styrkjast for å støtte samarbeid mellom universitet og høgskular i Noreg og strategilanda. Dessutan skal partnarskapsprogrammet INTPART styrkjast og vidareutviklast. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE