Vil skatte millionærane hardare

Siv Jensen (Frp) vil gi skattelette til 90 prosent av skattebetalarane. Samtidig kan dei som tener millionar bli skatta hardare.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv Dagens Næringsliv , som har fått bekrefta tal frå forslaget til statsbudsjett, som Jensen skal presentere onsdag. Ifølgje kjeldene til avisa vil resultatet bli at ni av ti norske skattebetalarar får lågare skatt, mens den siste tidelen får høgare belasting. Dei som tener over tre millionar kroner i året kjem dårlegast ut.

LES OGSÅ: Nektar å betale skatt for frivillige

Dessutan vil regjeringa erstatte toppskatten med ein såkalla trinnskatt. Modellen liknar tilrådinga frå Scheel-utvalet, men Jensen vil sette dei to første beløpsgrensene lågare. Scheel-utvalet foreslo at det første trinnet skulle slå inn ved inntekter over 140.000 kroner, med ein sats på tre prosent, seks prosent over 206.000 kroner, 15 prosent over 544.800 kroner og 18 prosent på inntekter over 885.600 kroner. Dette vil også medføre at lønnstakarar med låge inntekter vil komme betre ut.

Vidare får DN bekrefta at selskapsskatten og inntektsskatten blir redusert med to prosent til 25 prosent. Dette vil koste mellom 22 og 25 milliardar kroner. Avisa får ikkje opplyst kor mykje skatteletta neste år vil koste totalt, men at letta er «den største vi har gjort så langt».

Skatteendringane i forslaget til statsbudsjett vil også bli å finne i forslaget til ny skattereform. Også den blir presentert onsdag.

LES OGSÅ: To av tre vil betale meir skatt