To av tre vil betale meir skatt
66 prosent av dei som er spurt seier dei er villige til å betale meir skatt for å sikre gode offentlege velferdstenester, viser ei undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
To av tre vil ha meir skatt
På spørsmål om dei er villige til å betale meir skatt for å halde oppe velferda, svarer 35 prosent at dei er heilt samd i dette, mens 31 prosent er delvis samd, skriv Klassekampen.
LES OGSÅ: – Dette bør få konsekvensar
Forskjellsbehandling
I undersøkinga som Respons Analyse har laga for arbeidstakarorganisasjonen Unio, svarer 93 prosent at dei meiner det er viktig å verne om velferdsordningane vi har i dag. Her er 74 prosent heilt samd, mens 19 prosent er delvis samd.
45 prosent er heilt samd i at skattepolitikken er eit viktig verkemiddel for å jamne ut forskjellane i Noreg. 35 prosent er delvis samd.
LES OGSÅ:3.000 risikerer å få feil skatt
Tryneslag på regjeringa
– Denne undersøkinga er eit slag i trynet for skattelettane frå regjeringa, slår Unio-leiar Anders Folkestad fast.
Han meiner undersøkinga viser at det ikkje står noko stort folkekrav bak skattelettane frå regjeringa, og at regjeringa er på kollisjonskurs med folket i viktige spørsmål om skatt og velferd.
Finanspolitisk talsmann i Høgre, Svein Flåtten, meiner på si side at større økonomisk vekst kan gi høgare skattegrunnlag, og at lågare skatt på den måten er vegen å gå for å sikre velferda også i framtida. Han meiner premissane i undersøkinga sviktar.
– Det ligg implisitt i spørsmålet at vi ikkje kan sikre gode nok velferdstenester med velferdsordningane vi har med skattenivået i dag, seier han. (©NPK)