Tre av ti skriv dialekt i ein eller fleire samanhengar, skriv Ottar Grepstad i dagens «Språkfakta 2015».

Faktaboks

 Fem fantastiske språkfakta

1. 59 prosent i Oslo og 6 prosent i Nord.-Noreg snakkar normert bokmål privat
2. På jobb snakkar 67 prosent i Oslo og 17 prosent i Nord-Noreg normert bokmål
3. Privat skriv 14 prosent nynorsk eller om lag like mykje nynorsk og bokmål
4. Færre unge kvinner enn unge menn bruker nynorsk, men i vaksen alder er det motsett
5. Eit fleirtal av unge nynorskbrukarar blir verande nynorskbrukarar heile livet

Kjelde: Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Aasentunet.no

Ottar Grepstad: Språkfakta 2015

Det største verket nokon gong på norsk om utbreiing og bruk av språk

867 tabellar om språk i Noreg og verda gjennom fleire tusen år

19 kapittel, 38 tema-artiklar og eit avsluttande essay

Kvar dag kl. 07.00 i 20 dagar blir eit nytt kapittel publisert på Aasentunet.no

1700 sider i utskrift i A4-format

LES FAKTALUKK FAKTA

Kvar dag i 20 dagar publiserer Aasen-tunet eit kapittel frå Ottar Grepstad si grundige gjennomgang av språk gjennom tidene. I dag vil direktøren i Nynorsk kultursentrum læra deg meir om korleis dialekt har funne vegen inn i skriftspråket. 

LES OGSÅ: Bruk av dialekt minst akseptert i Oslo

Dialektgenerasjonen
Ifølgje Grepstad nærmar Noreg seg eit samfunn med tre norske skriftspråk – to normerte og eit unormert med stor variasjon.

På 2000-talet har bruken av dialekt som skriftspråk auka, særleg blant dei yngre. Det er spesielt i tekstmeldingar og sosiale medium at folk skriv dialekt.

I ei spørjeundersøking som vart gjort i samband med Språkåret 2013 svara éin av fire at dei brukte dialekt i sms-meldingar, medan éin av ti brukte det i sosiale medium.

Skilnadene var små mellom kvinner og menn, men større mellom aldersgruppene.

Det var òg ein viss tendens til at dei med lite utdanning skreiv meir dialekt enn dei med høgare utdanning. Den største skilnaden var geografisk. Medan åtte av ti i Oslo svara at dei ikkje skreiv dialekt, mot fem av ti på Vestlandet og fire av ti i Nord-Noreg.

Nynorskbrukarar skriv stadig meir dialekt enn før.

 QUIZ: Skjønar du bokmål?

Riktig normert?
Språkforskar og tidlegare NRK-journalist Audhild Gregoriusdotter Rotevatn presenterte i fjor si forsking på dialektbruk blant vidaregåandeelevar på Vestlandet.

Fleirparten nytta dialekt i sosiale medier fordi dei vil skrive slik dei snakkar. Difor stilte  Rotevatn spørsmål om språknormeringa er riktig.

– Eg er litt uroa for normeringa. Normerer me for seint? Gjer me det riktig? Var det ein tabbe å strame inn nynorsken? Eg har ikkje fasiten, men meiner dette er spørsmål me må stille oss, sa Gregoriusdotter Rotevatn til Framtida.no.

Ho var likevel ikkje uroa for at dialektbruken på sosiale medier skulle gå ut over nynorsken. Funna viste at ungdommane var fleirspråklege og skifta mellom dialekt i sosiale medier og normert bokmål eller nynorsk til meir formelle føremål.

LES OGSÅ: – Sentrum treng nynorskbrukarane

Nynorskutviklinga
I tidlegare språkfakta har Grepstad forklart at auka bruk av engelsk og dialekt inn på 2000-talet svekte bokmål på fleire viktige område, medan bruken av nynorsk var ganske stabil.

Det finst om lag 600.000 nynorskbrukarar i Noreg i dag. Prosentdelen gjekk ned frå om lag 25 prosent på 1950-talet til 8 prosent i 1985.

Prosentdelen nynorskbrukarar har halde seg stabil sidan 1990-åra, og gjekk noko opp etter 2010.

«Det er ein svak tendens til at fleire kvinner enn menn bruker nynorsk privat, og at nynorskbrukarane utgjer ein større del blant eldre enn yngre. Di meir utdanning ein person har, di meir sannsynleg er det at vedkomande bruker bokmål. Det er også fleire bokmålsbrukarar blant dei med høg inntekt enn blant dei med låg inntekt. Det sosiale elitespråket er bokmål,» konkluderer Grepstad.

Bruk av dialekt i skrift 2013: 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE