– Eg vart overraska og overvelda, seier gründer Anna Haugstad Avdem (24).

Astrid Kvam Helset, Vigga
Astrid Kvam Helset, Vigga

Saka var først publisert i Vigga.

Saka Avdemsbue var ei av over 70 påmeldte i magasinet Lev Landlig og Landkreditt Banks si nye gründerkåring «Årets Landlige Spire» , der det etter publikumsavstemming stod att fem kandidatar. Og vinnaren er Anna Haugstad Avdem (24).

– Vinnaren er ein ung gründer som satsar og startar noko nytt, samstundes som ho vidarefører gamle tradisjonar. Ho kjem attende til heimgarden der ho er niande generasjon drivar, med ein ambisjon om å sette gardens allereie etablerte produkt i ei ny samanheng, med utgangspunkt i butikken frå 1938. Vi vektlegg at ho har tydeleg målsetting både om å skape lokalt engasjement, og å etablere eit stoppestad som er interessant ut over lokalmiljøet. Hun bidreg med lokal verdiskaping gjennom sal av eigenproduserte varer. Samtidig gjev ho også andre produsentar, både lokale i Gudbrandsdalen og frå andre delar av landet, eit utsalsstad. Her pratar vi om landleg verdiskaping i verkeleg vid forstand, er grunngjevinga til juryen.

LES OGSÅ: Vil ha offentleg gründer-fond

Stor støtte
Avdemsbue og Anna vart med i konkurransa ved eit slumpetreff.

– Eg kom berre over det, og tenkte kvifor ikkje? Dette var jo noko som passa både meg og mitt konsept. Her har vi fått det til å spire i noko gamalt. Tenk at vi og dette gamle huset kan vinne ei konkurranse som er for heile landet, seier Anna.

Avdemsbue har fått mykje publisitet både lokalt og nasjonalt, noko dei framom disken legg merke til.

– Fleire kundar nemner at dei ha lese om oss, nokre har stoppa fordi dei har sett oss på tv, fortel den unge spira.

Også i heimbygda er det mange som har lagt merke til nysatsinga.

– Folk bryr seg. Alle er positive og spør korleis det går. Eg har blitt kjent med mange nye og engasjerte menneske.

LES OGSÅ: Listhaug vil ha meir gründerskap i landbruket

Særpreg
– Kva suksessoppskifta er? Vi har særpreg og sjel i butikken, det har redda seg gjennom alt av renovering. Og vi har ein fordel med å kunne ha eit godt og breidt uval. Vi vil levere eit kvalitetprodukt. Da ligg alt til rette for å lykkast, seier Anna.

Ho seier det er artig hvis Avdemsbue kan være ein inspirasjon.

– Det syner at det er ikkje umogleg, sjølv på Lesja. Eg håpar pågangsmot kan være smittsamt, seier Anna.

Tida frå ideen til opningsdagen var kort. Dei måtte satse no, når bue vart ledig.

– Marknaden for lokal mat er i sterk vekst, det syner alle undersøkinger og tal. Men det er godt å ha nokon bak seg når ein skal satse, seier Anna.

LES OGSÅ: Distriktsmat på oslofat

Pizzaplanar
Den første sommaren for den nye Avdemsbue er over, men for sjølve konseptet har det berre såvidt starta. Planane er langsiktige.

– Draumen er å bygge på ein veranda med utsikt over dalen, der det kan bli servert steinovnsbakt pizza og noko kaldt i glaset, seier ho.

Anna trur potensialet for matservering er stort.

– Generelt er det lite tilbod om matservering den vegen, dessverre, seier ho og peikar i retning Bjorli og Romsdalen.

Ikkje så langt frå finn vi bakeritomta, etter bakeriet som tidlegare leverte brød på Avdemsbue.

– Tenk å få nokon til å lage ordentleg god bakst, i alle fall om sommaren, seier Anna drømmande.

Ho understrekar at dette er langt fram. Det er mykje som må på plass før den første pizzaen kan koma ut av omnen på Avdemsbue.

LES OGSÅ: Jobbar for saktare mat

Stoltheit
– Eg er oppvaksen med ei stoltheit over det å koma frå gard og frå Lesja. Det har alltid vore slik for meg, og det har nok hatt ein del å seie for at eg hadde lyst heimatt. Det er historia mi, og her eg kjem frå. Det hadde ikkje vore aktuelt å gjera det nokon anna plass, seier Anna.

At det er ho som kjem til å bli sjølve gardbrukaren på Vesl-Avdem er ikkje avgjort. Mor Åse og far Sigurd er så heldige at dei har fleire kandidatar som ser for seg ei framtid i det jordiske.

– Men det kjem ikkje til å bli ein annan stad enn Lesja, nei. Eg er oppvaksen med ei positiv framtidsånd, og det har aldri vore negative tankar om framtida til landbruket. Eg har også lært meg korleis ein kan drive godt og lønsamt, seier Anna.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

Kommentarar

ANNONSE