Distriktsmat på oslofat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For litt over eitt år sidan opna forretninga Bondens butikk i Mathallen i Oslo. Her får du kjøpt matvarer frå nærast heile Noreg og lokalmatprodusentane – som det etter kvart er blitt veldig mange av – har ein fast stad dei kan selje og vise fram varene sine viss dei er så heldige å få vere med i det gode selskap.

Samvirkelag

– Vi er eit samvirkeføretak med 23 eigarar frå ulike delar av landet. Desse er dei faste leverandørane våre. I tillegg har vi alltid nokre prøveprodusentar inne for å teste varene deira, fortel butikksjef Jarle Torgersen til Nynorsk pressekontor.

Interessa for kortreist og lokalprodusert kvalitetsmat er aukande i befolkninga, og fleire og fleire bønder ser at det ligg moglegheiter i småskalaproduksjon av mat på eigen gard, både tradisjonsmat og nye produkt.

Sidan Bondens marked vart etablert i 2003 har nordmenn hatt høve til å kjøpe lokalmat direkte frå produsent på utvalde stader i heile landet. Då Mathallen opna i Oslo for eit par år sidan, såg ein ei moglegheit til å få ein fast stad for nokre av desse småskalaprodusentane og eit høve til å vise fram norsk landbruk.

– Kravet for å vere medeigar i butikken er at ein også deltek på Bondens marked. Produsentane må dessutan berre bruke norske råvarer og det må vere handverksprodukt, seier kjøpmann Torgersen.

Rikhaldig sortiment

I Oslo-filialen til bøndene finn vi eit utval av blant anna ostar og andre meieriprodukt frå ku og geit, mjøl og bakevarer, grønsaker, frukt, bær og krydderurter, ferskt kjøt og kjøtprodukt frå sau, geit, storfe, svin, elg, rein, hjort og fugl, honning, gelear og syltetøy, ulike fruktdrikker og snacks. Her er varer frå til dømes indre Sogn, Hardanger, Romsdal, Haugalandet, Valdres, Hallingdal, Hadeland, Gudbrandsdalen, Rørsostraktene, Trøndelag, Saltfjellet, Lofoten og Lyngen med fleire.

– Det er snakk om mellom 200 og 300 ulike produkt i sortimentet vårt totalt, men dette skiftar sjølvsagt heile tida alt etter kva sesong vi er inne i. Så vareutvalet varierer alt etter kva tid det er på året, forklarar butikksjefen og legg til:

– Økologiske grønsaker er det veldig stor etterspurnad etter frå kundane, og vi har også mange produsentar. Derfor varierer grønsakleverandørane våre litt alt etter sesong og kor leveringsdyktige dei er.

For dei matbevisste

– Kven er kundane dykkar?

– Det er all slags folk! Her er alt frå unge jenter som skal ha ein spesiell festost, til eldre som kjem med handleposane sine og skal ha litt her og litt der i mathallen. Alle er tydelege på at dei vil ha ordentlege varer. Men majoriteten av kundane er matbevisste folk i 40– 50 åra. Og så er det sjølvsagt nokre som kjem innom i mathallen for første gong og er nyfikne, fortel Torgersen.

Bondens butikk har størst trykk rundt juletider når folk skal sikre seg julemat, eller ei spesiell matgåve. Utover hausten når det er høgsesong for ferske grønsaker og vilt, er det også god handel. Dei mest stille periodane er på nyåret og i fellesferien om sommaren. Men det er ofte høve for kundane å møte produsentane ansikt til ansikt.

– Alle eigarane våre må kome hit til butikken eit par gonger i året og marknadsføre produkta sine overfor publikum. Elles er det siste nye noko vi har kalla for «pappaonsdag». Det er eit samarbeid med kjøkenutstyrsbutikken Sous Vide, som også held til i Mathallen. Kvar onsdag kan fedrar i pappaperm kome hit til oss og gå på matkurs og lære om råvarene. Vi har berre plass til 15 stykk per gong, så ventelistene er lange, fortel Torgersen.

– Eg meiner Bondens butikk har tilført Mathallen eit bra alternativ ettersom vi berre tilbyr norske spesialitetar frå småskalaprodusentar. Omsetninga har auka jamt sidan oppstarten i 2013, seier butikksjef Jarle Torgersen. (©NPK)