3,9 millionar kroner til 15 språktiltak

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Kulturdepartementet lyste ut prosjektmidlane i sommar fekk dei inn søknadsfrist 35 søknadar, med ein samla søknadssum på 16 millionar kroner. Kulturdepartementet har fordelt 3,9 millionar kroner til 15 ulike språktiltak. Størstedelen av potten går til tre terminologi­prosjekt.

LES OGSÅ: Søkjelys på nynorsk som fagspråk

– Terminologiarbeid er eit viktig verkemiddel for å halde oppe og vidareutvikle norsk fagspråk. Det er rett og slett viktig for å halde ein opplyst samtale på norsk. Fagområde der internasjonaliseringa er sterk, treng slik støtte, seier kulturminister Thorhild Widvey i ei pressemelding.

Standard Norge, Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten og Høgskolen i Buskerud og Vestfold får tilsaman 1,3 millionar kroner til å utvikla norsk fagspråk mellom anna innanfor medisin og helsefag.

LES OGSÅ: Det hemmelege språket

Handfast språk
Kulturministeren peikar òg på at det er trong for å utvikla og styrkja teiknspråk som fullverdig språk i Noreg. Fire ulike teiknspråkprosjekt, mellom anna til undervisningsmateriell, ordbøker og teaterkurs, får tilsaman 960.000.

Nesten like mykje går til kvensk, som i år feirar ti år som offisielt språk i Noreg. 950.000 kroner går til tiltak som kvensk grammatikk og vidareføring av eit prosjekt for å revitalisere kvensk.

LES OGSÅ: – Ganske likt norsk

Fjell kommune har i samarbeid med Universitetet i Bergen fått 255.000 kroner til eit språkstyrkingstiltak for nynorskelevar.  

Det Norske Bibelselskapet har fått 150.000 kroner til å omsette bibeltekstar til lulesamisk, Foreningen Norden har fått 100.000 til å vidareføra ordninga med nordiske forfattarbesøk i skulen og Riksmålsforbundet får 150.000 kroner til seminar om barn og språk.

Sjå oversikt over alle prosjekta her.