Forfattar Stig Mass Andersen har vore overtydd om at han er ei superstjerne. No vil han bruke superkreftene på å fremje det å vere annleis.

Det er vanskeleg å hugse korleis det byrja, men den aller første gongen Stig Mass Andersen vart innlagt, fekk han diagnosen depresjon. Denne andre gongen han var innlagt, opplevde den 25 år gamle mannen også mani og grandiose tankar. Han kunne vert overvelda av angst og paranoia ein dag, og flyte på førestillingar om eigen uovertreffelegheit den neste. Så fantastisk var Stig av og til, at han var ei superstjerne. Eit multitalent, og ein musikar av rang. Så dyktig og så rask, at han ikkje hadde tid til å sove ein gong.

Bipolar liding kan til forveksling likne eit rusforløp: Først er ein høgt, høgt oppe.  Etterpå er ein på botn. For forfattaren, føredragsholdaren og musikaren bak boka Bipolar Superstar, har openheit og omtanke blitt eit mantra.

Med boka om bipolare Oliver, vil han gjere noko med skammen.

LES OGSÅ: Fare for å blande ADHD og bipolar liding

Unge menn som gjer ende på det
Tre gonger fleire menn enn kvinner tek sitt eige liv årleg. Unge er overrepresentert. Forskarar forklarar den dramatiske skilnaden mellom kjønna på ulike måtar. Ein studie frå 2014 peikar på at det slett ikkje alltid ligg ei psykisk liding bak, men at menn som har teke sitt eige liv ofte har hatt ein særleg sårbarheit.

Sårbarheita er i mange tilfelle knytt til opplevingar av å ha mislukkast, og mennene kan kjenne på skam, sinne og sårbarheit utan at dei er i stand til å handtere eller regulere kjenslene. Ein trur vidare at menn venter lengre enn kvinner før dei ber om hjelp. For Stig har openheit blitt kvardagsleg.

– Då eg var veldig sjuk for nokre år sidan var skamma noko av det aller verste, fortel Stig.

Han trur gamle kjønnsrollemønster heng att.

– Menn må vere litt harde og ikkje snakke om ting. Men eg har aldri følt meg meir mann enn då eg tok tak i problema mine og byrja vere veldig ærleg. No kjem eg lettare i prat med menn, og vert oppsøkt av mange som ønskjer å prate. Eg har mange fleire djupe samtalar enn før, kan du sei, ler han.

Han skriv også om sjølvmord i boka, fordi han trur tabu vert større av stille.

– Vi må få slutt på tausheita knytt til sjølvmord. Eg fleipar med temaet i boka, og freistar å stikke hol på stilla. Ein må kunne prate om også dette, sjølv om det er eit vondt tema å gå inn i, meiner han.

LES OGSÅ: Ingen samanheng mellom depresjon og Facebook

Flytte grenser
Forfattaren flyttar stadig grensene – og må sjølv forsøke å henge med. Som den gongen han skreiv eit innlegg i VG om å vere psykisk sjuk, og etterpå kom på at han kanskje måtte fortelje det til dama han nett hadde byrja å date.

– Eg var engsteleg for at det å vere open ville endre relasjonane til kollegaer, vener og familie. Men eg har berre blitt møtt med respekt. No er eg stolt over det eg før skamma meg over. Det som gjorde at folk såg på meg som klin gal, er det som gjer meg interessant som menneske.

Stig meiner ein bør sjå det som ei tillitserklæring når nokon opnar seg. Han har samstundes ikkje noko fasitsvar på korleis ein kan få nokon til å fortelje om at dei har det vondt. For eigen del var ein familie som ikkje lot han vere i fred avgjerande då angsten freista han med isolasjon.

– Eg tenkte at ingen vil vite om det uansett, og at ingen ville ha noko med meg å gjere. Det er viktig å tore å spørje om ein lurer på om nokon slit, seier han.

LES OGSÅ: Fotballkarrieren enda med sjølvmordsforsøk

I sentrum av verda
Vi møtest på Grünerløkka, rett ved gatemåleriet av Påfuglen i Nordre gate. Her går også Oliver i boka Bipolar Superstar, då han har rømt frå den psykiatriske klinikken der han er innlagt.

– Då eg skreiv boka prøvde eg å skrive som ein bipolar, fort og på innfall. Når ein er manisk rasar tida av garde, og ein har grandiose tankar om alt ein skaper. Det er ikkje berre negativt, det er også veldig kreativt og stimulerande. Eg har brukt mykje sjølvdisiplin for å trekkje meg vekk frå manien, seier han, og fortel at han har skrive mange av sine beste songtekstar i manisk tilstand.

Dei brukar han når han reiser rundt og held føredrag om å vere psykisk sjuk. Boka er del av eit større prosjekt om openheit, som han har haldt på med i fleire år.

– Bipolar Superstar handlar om å vere stolt over å vere annleis.

LES OGSÅ: Pillebruken aukar blant dei unge

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

Kommentarar

ANNONSE