Styret i Høgskulen i Sogn og Fjordane opnar for å vurdere fleire fusjonsalternativ, mens høgskulestyret i Volda tviler på om dei skal ta imot invitasjonen frå Universitetet i Bergen.

NPK
NPK

Begge dei to høgskulane har til no ønskt å halde fram åleine, sjølv om Kunnskapsdepartementet meiner dei er for små.

Det nye høgskulestyret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) valde torsdag å moderere den steile sjølvstendelinja til det gamle styret og vedtok å lage ei utgreiing om ein storfusjon med Høgskulen i Bergen og Høgskulen i Stord/Haugesund. Styreleiar Trond Ueland strekar likevel under at vedtaket ikkje er eit linjeskifte.

– Høgskulesektoren er i stor endring, og vi treng meir kunnskap. Derfor vil vi ha tre utgreiingar – éi med Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskulen i Stord/Haugesund (HSH), éi med Høgskulen i Volda, og så er det òg viktig å greie ut vidare åleinegang, seier Ueland til NRK.

LES OGSÅ: Droppar tvangssamanslutning for høgskulane

Open for Volda-samarbeid
Ifølgje universitetsavisa På Høyden ser han for seg fleire moglegheiter i Volda-alternativet.

– Det kan liggje både fusjonsmoglegheiter, samarbeid om lærarutdanning eller å gå inn i alliansen mellom Høgskulen i Molde, Høgskulen i Lillehammer og Høgskulen i Volda, seier Ueland.

Framlegget om å slå saman dei tre høgskulane HiSF, HiB og HSH til eit profesjonsuniversitet kom på bordet da Kunnskapsdepartementet i byrjinga av september hadde kalla saman Universitetet i Bergen og høgskulane på Vestlandet til eit møte i Bergen for å få i gang nye samtalar om samarbeid og samanslåing. HiB og HSH er allereie innstilte på å fusjonere.

LES OGSÅ: Høgskular i distrikta har størst auke

Tvil i Volda
Møtet førte òg til at Universitetet i Bergen (UiB) og Høgskulen i Bergen (HiB) strekte ut ei hand til Høgskulen i Volda og inviterte dei til samarbeid.

Høgskulen i Volda har så langt stått på at dei helst vil stå åleine, eventuelt i ein allianse med høgskulane på Lillehammer og i Molde. Minst av alt ønskjer dei seg ein fusjon med andre. Ein fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane har heller ikkje vore på tapetet der.

– Det å samarbeide med andre institusjonar har vi gjort så lenge høgskulen har eksistert, men samarbeid som rettar seg mot samanslåing må vi tenkje grundig gjennom. Fagleg samarbeid skal vi ha, seier styreleiar og rektor ved Høgskulen i Volda Johann Roppen til NRK.

Han og resten av styret vart i denne omgangen einige om å vurdere invitasjonane frå Bergen nærare. Styret skal neste gong møtest til styreseminar og styremøte 29.– 30. oktober, da med statssekretær Bjørn Haugstad (H) som gjest. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04
ANNONSE