Fafo: – Vi treng ein meir radikal politikk
Fredag blir FNs nye berekraftsmål vedtatt. Dei vil innebere at norsk politikk må bli lagt om på fleire område, meiner forskarar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi treng ein meir radikal politikk enn det vi har i dag, særleg når det gjeld å redusere forbruk og klimautslipp, meiner forskar Svein Erik Stave ved forskingsstiftelsen Fafo, som saman med kollega Arne Backer Grønningsæter har sett nærmare på kva FNs nye bærekraftsmål vil bety for Noreg.
Funna blei lagt fram på eit Fafo-seminar fredag, same dag som FNs hovudforsamling skulle vedta dei nye berekraftsmåla – som på engelsk er blitt heitande «Global goals».
Berekraftsmåla erstattar FNs tusenårsmål og består av i alt 17 hovudmål og 169 delmål. Blant dei viktigaste måla er utrydding av fattigdom og svolt, utdanning til alle, mindre ulikskap og meir likestilling mellom kjønna, og dessutan fleire klimamålsettingar.
Ei viktig endring frå tidlegare er at mens tusenårsmåla forpliktar rike land til å hjelpe fattige, skal berekraftsmåla vere retningsgivande for utvikling av nasjonal politikk i alle FNs medlemsstatar. Ambisjonen er at måla skal vere oppfylt innan 2030. (©NPK)