– Eit av dei viktigaste vala i livet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Dette sa rektor Trond Hjelseth ved Volda vidaregåande skule då han offisielt opna Karrieredagane 2015. Onsdag og torsdag var rundt 750 10.-klassingar og lærarar innom Karrieredagane for å få eit større innblikk i alle valmoglegheitene i vidaregåande opplæring på Søre Sunnmøre. Mia Gjerseth og Sara Alhams som no går på Volda ungdomsskule har snevra ned valmoglegheitene sine, men er enno ikkje heilt sikre på kvar vegen går vidare.

LES OGSÅ: No vil over halvparten gå på yrkesfag

– Eg har to val, men eg er ikkje er heilt sikker på kva eg skal velje. Det står mellom studiespesialisering og helse og sosial, seier Alhams.

– Eg vurderer idrett, men truleg så vel eg allmennfag, seier Gjerseth.

Volda-jentene er positive til å få nærare innblikk i kva som ventar dei neste åra gjennom Karrieredagane.

– Vi får meir kunnskap om kva som skjer i dei ulike retningane, og det kan vere med på å bikke valet den eine eller andre vegen. Men har du allereie bestemt deg, så har du bestemt deg.

LES OGSÅ: Fleire elevar fullfører vidaregåande

– Handlar om fagområde
Det er for sjuande året at Karrieredagane vert arrangert, og elevane vert guida rundt til alle dei ulike tilboda som er representert. I Partnerskapsgruppa bak Karrieredagane har alle dei vidaregåande skule ein representant, ein frå opplæringskontor og to representantar frå Høgskulen i Volda.

– Vi har også to rådgjevarar inne frå grunnskulane. Karrieredagane har vore planlagt lenge. Vi har ikkje eit messepreg, men det handlar om fagområde. Kvart år køyrer vi evaluering mot grunnskulane. Alle har vore nøgde, og difor held vi fram med dette konseptet. Det neste som skjer i Karriereløpet Møre og Romsdal er val av hospiteringsskule. No ser dei på alle valmoglegheitene, og det neste er hospiteringa, seier regionkoordinator Torill Engeset.

LES OGSÅ: Rådgjevingstimane forsvann

I talen sin påpeika Hjelseth at er rundt 150 dagar til 10.-klassingane skal eit av sine viktigaste val i livet, og understreka at kvar år så gir elevar seg i vidaregåande utdanning oftast grunn eit feil val.

– Vi stiller opp for at du skal finne din veg.

Sjølv om nokre skulle bomme på valet sitt så er det framleis moglegheiter.

– Eg tenkjer at det viktigaste er at det er fleire vegar til Rom. Det er ingen veg som blokkerer for noko, og det er alltid mogleg å ta eit val der du kan ta studiespesialisering sjølv om du har valt yrkesfag. Det prøver vi å formidle gjennom Partnerskapsgruppa, og det er ingenting som er umogleg, seier Engeset.