– Diabetesen blei ulempe då eg fekk anoreksi

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oftare eteforstyrring med diabetes

Ny forsking viser at unge med diabetes er meir utsett for eteforstyrringar enn andre. Heile 1 av 3 jenter mellom 11 og 19 år, og 1 av 10 gutar i same aldersgruppe har problem med maten.

Det veit Jenny Sjåstad Hagen alt om. 23-åringen frå Siggerud fekk diabetes som femteklassing, og sleit i fleire år med anoreksi.

– Då eg fekk diabetes var det eit stort skilje i livet. Det gjorde meg meir ansvarleg som barn, men kanskje også meir bekymra. Når ein har diabetes må ein alltid ha med insulinsprøyte og sukker, og det vert ein heilt annan måte å forhalde seg til mat og tid, seier ho når Framtida.no møter ho heime på Siggerud.

Diabetes mellitus er ein sjukdom som kjem av at det enten ikkje vert produsert insulin i bukspyttkjertelen (diabetes mellitus type 1), eller at organismen ikkje nyttiggjer seg insulinet på normal måte (diabetes mellitus type 2). Type 1 opptrer oftast hos unge, medan type 2 er mest vanleg hos eldre og overvektige.

LES OGSÅ:Eit språk for kroppshatet

Flytte til USA
Hagen levde i mange år greitt med diabetesen. Men skiljet kom då familien skulle flytte til California i USA for eitt år, slik at mora kunne fullføre ein doktorgrad der. Jenny var nett ferdig på ungdomsskulen og byrja på den lokale high school-en.

– Å kome dit gav meg eit stort kultursjokk. Det er vanskeleg å beskrive kvifor, men måten ein relaterte seg til medelevar var akkurat så annleis at eg ikkje klarte å hoppe rett inn i det. Væremåten i California er også ganske annleis enn i Noreg. Her er vi ofte litt audmjuke og forsiktige, medan det der er meir ein suksesskultur. Språk var også vanskeleg. I Noreg var eg vant til å ligge på toppen, medan det første kvartalet i USA var eg DEN dårlegaste i klassen i matematikk.

LES OGSÅ:Springerinne til hjelp

Jenny gledde seg til å flytte heim frå USA, mykje fordi ho skulle få denne lille dachsen.

Miste kontrollen
Ho som alltid hadde vore så flink og pliktoppfyllande og med ein god omgangskrets rundt seg stod brått utan kontroll over situasjonen og utan vener. Det gjorde noko med ho, og i mangelen på kontroll på nokre områder tok ho det att i stor skala på andre: trening og kosthald.

– I starten la heile familien på seg, sidan kosthaldet er så annleis. Ein har kjempestore butikkar fylt med søte pålegg, søte kornblandingar, loff og godteri. Frukt og grønt var på den andre sida vanskeleg å få tak i. Det å legge på seg når du er tenåringsjente kan opplevast som ganske kjipt, så det byrja eigentleg berre med at eg skulle trene litt. Det gjekk fint ei stund, men så vart eg fanga i ei boble.

LES OGSÅ:«Selfies» kan skada sjølvbiletet

Trente mange timar om dagen
Tenåringsjenta vart meir og meir selektiv på kva ho åt, kor mykje og når ho kunne ete det. Tre og ein halv time var regelen. I mellomtida kunne ho ikkje ein gong ta ein tyggis. Alle døgnet vakne timar var sentrert rundt neste måltid. Då ho var yngre hadde ho ei diabetesdagbok der blodsukker, insulin, mat og aktivitet vart registrert. Denne vart no bytta ut med sirlege grafar, detaljerte beskrivelsar og planar for mange dagar framover. Dette til trass for at diabetesen nesten gjer det umogleg å planlegge då den kan oppføre seg annleis frå dag til dag.

– Eg stod opp klokka 06. Eg har nok alltid ete sakte, men på den tida kunne eg bruke umenneskeleg lang tid. Eg måtte difor stå opp tidleg for å ha god tid. Så gjekk eg på skulen frå klokka 07.40 til 15.15. Etter skulen gjekk eg ned til byen for å trene. Der var eg til det stengte.   Eg sprang, brukte maskiner og svømte. Eg prøvde kvar dag å oppnå eit mål. Klarte eg å forbrenne 1200 – 1500 kaloriar på trening var eg nøgd.

Hagen åt svært lite trass det strenge treningsregimet. Av og til fekk ho føling på trening på grunn av dette. Å då måtte ete ein yoghurt føltes som eit stort nederlag, ei krise.

– Går svoltkjensla vekk etter tid om ein held på slik du gjorde?

– Nei, men det vert nesten som ein rus. «No er eg svolten og då er alt som det skal vere». Ein føler seg litt overmenneskeleg når ein ser at alle andre et når dei vert svoltne, men at ein sjølv klarer å stå i mot. Eg byrja etter kvart å ta mindre og mindre insulin for å sleppe føling, men då vart eg berre enno meir sliten.

20 av 26 punkt
Familien byrja etter kvart å fatte mistanke om kva som føregjekk. Jenny si mor hadde mellom anna skrive ut eit skjema som lista opp teikn på eteforstyrringar. Ho kryssa av 20 av 26 punkt. Samstundes var Jenny tenåring og foreldra var dei siste ho ville gå til med problema sine. Meir omtanke og forsøk på å styre ho i rett retning gjorde at ho berre trakk seg enno meir vekk.

Vendepunktet kom då året i USA var ferdig. Hagen kunne nesten ikkje vente med å kome heim. Diagnosen «anoreksi» hadde ho fått allereie i USA, men det var ikkje før ho kom tilbake til Noreg og hjelpa ho etter kvart fekk på Ahus at ho klarte å sjå at det var ei relevant diagnose for ho. Det endelege vendepunktet var at ho byrja å skrive ned det ho opplevde. Boka «Inside out» kom ut på Publica forlag i 2012, og var ei fiktiv historie skrive på bakgrunn av det ho opplevde.

– Skrivinga vart terapi for meg, ein måte å levere historia frå mitt perspektiv og få den ut av systemet. Då eg skreiv syns eg veldig synd på den personen eg var, og trist korleis alt var blitt.

LES OGSÅ:Vil ha livsmeistring inn i skulen

Vart frisk
Ho tenker ikkje så mykje på anoreksien i dag, sjølv om den heller ikkje er gløymt då ein slik sjukdom set mentale spor ein tek med seg gjennom livet. 23-åringen er i dag heilt frisk, har fullført ein bachelor i geografi ved NTNU i Trondheim og har gode vener og ein sambuar. No har ho nett flytt til Paris eit halvt år for å studere der. Ho syns det er vanskeleg å seie om anoreksien hadde vore unngått om ho ikkje hadde flytt til USA, eller om ho ikkje hadde hatt diabetes. Men ho seier at sistnemnde kom ho til ulempe når alt var som det vart.

– Eit veldig bevisst og kontrollert forhold til mat og tid blir kanskje lettare å utnytte som diabetikar, fordi ein allereie er vant til å tenke i slike banar når det gjeld blodsukkeret.

LES OGSÅ:Litt ærlegare enn ein tør

Jenny er frisk i dag, og takksam for det. No har ho flytta til Paris kor ho skal bu i eit halvt år.

Ulike faktorar
Forskarane har heller ingen klare teoriar om kvifor diabetikarar er ekstra utsett for eteforstyrringar.  

Line Wisting er postdok. ved Regional Seksjon Eteforstyrringar (RASP) på Oslo universitetssykehus. I sin doktorgrad kartla ho eteproblem hos ungdom med diabetes 1. Til diabetes.no seier ho at det er avgrensa kunnskap om kvifor så mange i denne pasientgruppa som får problem med maten.

– Ein har avgrensa kunnskap om kva for mekanismar som fører til utvikling av eteproblem ved type 1 diabetes. Det er komplekst og mange faktorar som kan spele inn. Men ein faktor som kan bidra, er mykje fokus på mat – mellom anna fordi du set insulin etter kva du et.

Ho seier til nettsida at også auka vekt, og dermed auka misnøye med eigen kropp, kan spela ei rolle. Ei svensk studie har vist at unge jenter med diabetes type 1 i snitt veg sju kilo meir enn andre ungdomsjenter.

Wisting trur også ein annan faktor kan vere at mange føler det som krevjande å leve med diabetes og at dei føler dei ikkje meistrar sjukdommen. Dei vert leie og orkar ikkje lenger å forhalde seg til sjukdommen.