Martin Seglen Baadshaug er dømt for fusk..

Adrian Broch Jensen, Studvest. Omsett til nynorsk av Andrea Nøttveit
Adrian Broch Jensen, Studvest. Omsett til nynorsk av Andrea Nøttveit
Faktaboks

Gangen i saka:

Juni 2012: Baadshaug gløymer igjen eit notatark på pulten då han går ut av eksamenslokalet før ein bokkontroll. Eksamensvaktene konfiskerer arket, og Baadshaug gjennomfører eksamen som normalt.

August 2012: Baadshaug får beskjed om at Det juridiske fakultet opnar fuskesak mot han.

September 2012: UiBs sentrale klagenemnd annullerer Baadshaugs eksamen. Baadshaug vert utestengt frå UiB i haustsemesteret 2012.

November 2013: Tingretten dømmer mot Baadshaug.

Desember 2014: Lagmannsretten reverserer Tingrettens dom. Lagmannsretten stiller spørsmål ved universitetets bruk av omgrepet «fusk» som skildring av eit «objektivt gjerningsinnhold».

Januar 2015: Regjeringsadvokaten melder at staten ankar fuskesaka til landets høgste domstol.

25. august 2015: Saka vert handsama i Høgsterett.

16. september 2015: Baadshaug tapar saka i Høgsterett.

 

LES FAKTALUKK FAKTA

Saka var først publisert i Studvest.

– Me er skuffa, men det er ein dom som viser kor lite som skal til for at ein student skal bli teken i fusk, seier Baadshaug sin advokat, Halfdan Mellbye til Bergens Tidende.

Han meiner fuskereglane er ekstremt strenge.

– Det er veldig viktig at studentane er klar over dette, og veit at dei kan bli kasta ut av universitetet på grunn av bagatellmessige feil, eller eit reelt uhell som denne saka handlar om, seier Mellbye til Bergens Tidende.

LES OGSÅ: Gutar juksar mest

Feiltolka loven
Som Studvest har skrive om før vart tidlegare student ved Universitetet i Bergen (UiB), Martin Sneglen Baadshaug (26), frikjent for fusk i lagmannsretten rett før jul.

Då staten, ved UiB anka saka til høgsterett, la dei til grunn at Lagmannsretten har tolka Universitets- og høgskulelova feil når den konkluderte med at kandidatens åtferd må vere ureieleg eller uheiderleg for at ein kan dømmast for fusk. Universitetet meinte at ifølgje lova er det nok at det ligg føre brot på reglane om bokkontroll.

– Me er nøgd med at anka vert teke til følgje, og at Høgesterett er einig med statens og universitetets argumentasjon, seier regjeringsadvokat Håvard H. Holdø til Bergens Tidende.

– Me er no tilbake til den rettsoppfatninga som me heile tida har meint er riktig. Dommen viser at lagmannsretten tok feil.

LES OGSÅ: Frp-studentar mest villige til å juksa

Einstemmig
I stemmegivinga frå høgesterettsdommarane står det følgjande:

«Regelverket stiller etter ordlyden ikke opp noe krav om uredelig eller uhederlig atferd. Selv om lagmannsretten kan ha rett i at ordet fusk i dagligtale vanligvis forbindes med subjektiv klanderverdig opptreden, kan jeg ikke se at loven legger opp til en slik forståelse.»

Fem av fem dommarar stemte for at staten og universitetet skulle frifinnast.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

Kommentarar

ANNONSE