Enno usikker? I dag er du som avgjer!
Prøv partitesten vår og sjekk ut korleis det har gått i kommunen din dei siste fire åra!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På valdagen, 14. september, bestemmer du kven som skal styra kommunen din og fylket ditt. Men fortvil ikkje om du synest det er vanskeleg å velja kva parti som skal representera deg! Så lenge du veit kva du meiner, kan partitesten vår visa kva parti som meiner det same som deg.
Spørsmåla er valt ut for visa forskjellar mellom dei ni største partia. Me har teke utgangspunkt i politikken til partia sentralt innanfor område som er aktuelle for kommune- og fylkestingsvalet. Me vil samstundes gjera merksam på at enkelte av partia ikkje har vedteke ein politikk for spørsmålet som blir stilt, og at lokalpartia kan vera usamde med partilinja nasjonalt, til dømes når det gjeld søndagsopne butikkar og kommunesamanslåing.
Men hugs: det er fleire lister som stiller til val: Sjå kva lister som stiller til val her!
Under her kan du sjå korleis kommunen din gjer det på enkelte område og kor mange ungdomsrepresentantar som stiller på dei øvste plassane på listene:
Her kan du sjå nærare på fylka.
Fungerer ikkje programmet? Last ned nyaste versjon av nettlesaren din, og prøv igjen!