Realitypartiet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sp er realitypartiet

– Då eg såg reklamen på NRK tykte eg det verka som eit spanande konsept, der ein får læra om historia og gamledagar. Det gjorde utslaget. Ein kan reise mange stader, men ein kan ikkje reise i tida, seier Emilie Enger Mehl, no kjent som «Anno»-Emilie.

LES OGSÅ:«Jakten»-Marianne: Noreg treng bonden!

Jakt og gardsbruk
Emilie Enger Mehl er særs travel i desse dagar. I tillegg til jusstudier i Oslo og husdyrstudier på NMBU  er ho  organisatorisk nestleiar i Senterungdommen og driv valkamp for Hedmark Senterpati, der ho er tredjekandidat.

Berre eit halvt år er gått sidan 902.000 norske tv-sjåarar såg 22-åringen ta sigeren i NRK-suksessen «Anno».

Men ho er langt ifrå den einaste senterpartisten i norsk reality.

Blant årets Farmen-deltakarar ser det ikkje ut til å vere nokon frå Senterpartiet, men i fjor var dei sterkt representerte. «Farmen»-vinnar Magnhild Vik er ordførarkandidat i Rauma, medan Finn Olav Odde stiller som Senterpartiets førstekandidat i Ørland.

I årets «Jakten på kjærligheten» møter håpefulle friarar bonden Else Marie Rødby (33), som òg er førstekandidat for Hurum Senterparti.

Til VG fortel Rødby at ho ikkje angrar på at ho meldte seg på, sjølv om ho har travle dagar.

Tidlegare har friarar latt seg lokka av Harald H. Opedal frå Hardanger, som i år står på 13. plass på lista til Ullensvang Senterparti og Inga Berit Lein, som nyleg gjorde tv-comeback i Tv2-programmet «Bønder i by’n».

Lein har sitte i kommunestyret i Verdal, men står ikkje på hausens nominasjonsliste.

Saka held fram under biletet.


Else Marie Tveit Rødby (33) er både «Jakten»-bonde og førstekandidat i Hurum Sp. Foto: Espen Solli / TV 2

LES OGSÅ: Oppvaskmøte om varaordførar etter reality-deltaking

Aldri Paradise Hotel
«Anno»-vinnar Emilie Enger Mehl, trur det er litt tilfeldig at hennar partifellar stikk seg slik fram på tv, men meiner òg at det syner kor breitt Senterpartiet er landet over.

For ho var det ikkje politisk vinning, men eventyrlysta som lokka.

– Eg har ein leveregel som engasjert og det er at eg ikkje skal la vere å gjere noko fordi eg er engasjert. Eg ser ikkje på meg sjølv som ein politikar, men ein engasjert person og tykkjer ikkje det skal avgrensa livet – særleg ikkje når ein er så ung, seier Enger Mehl, som likevel tykkjer det er greitt å tenkje over korleis ein framstår – både i livet generelt og på tv spesielt.

Ho medgjev at ho var spent på korleis ho ville verte framstilt på skjermen, særleg sidan det var eit heilt nytt konsept.

I ettertid har den politisk engasjerte Ås-jenta fått mange positive tilbakemeldingar. Ho hadde difor stilt opp igjen utan å blunke. Ho er heller ikkje framand for tanken om andre reality-utfordringar, som «71 grader nord» eller «Skal vi danse». Men ein stad går grensa:

– Eg hadde ikkje meldt meg på Paradise Hotel, verken som  Senterpartipolitikar eller privatperson, seier Enger Mehl, som tidlegare har vore ute og kritisert konseptet for uklare grenser kring sex i rusa tilstand.

LES OGSÅ: Politikk og Paradise

Positiv medierådgjevar
Enger Mehl trur ikkje det lønar seg politisk å delta i reality-program, sidan det ikkje gjer det lettare å få gjennomslag for politiske saker. Ho ser likevel fordelane ved å verte profilert på denne måten, fordi ein som politikar skal byggje seg ein karriere og eit renommé, som er så sterkt at folk er trygg på at du kan ta gode avgjersler på vegne av dei.

Mediepolitisk rådgjevar i Senterpartiet Lars Vangen har merka seg at det er mange senterpartistar stikk seg ut i ulike reality-program.

– Så er det kjekt, for dei vinn jo òg! kommenterer ein nøgd medierådgjevar, som likevel avviser at partiet har ein bevisst mediestrategi knytt opp mot reality-program.

– Me er eit parti som blandar seg lite opp i kva folk gjer på fritida. Dette er meir eit resultat av eigenrådige, framoverlente lokalpolitikarar. Eg tykkjer at det er tøft gjort av desse flinke lokalpolitikarane å våga å visa seg fram på andre arenaar. Desse personane tykkjer eg framstår som gode rollemodellar – som ålreite, hyggjelege og ansvarsfulle menneskjer, skryt Vangen.

Sjølv om deltakarane melder seg på som privatpersonar følgjer Senterpartiet sentralt med. Etter «Farmen»-deltakinga vart vinnar Magnhild Vik og deltakar Finn Olav Odde invitert til eit møte med Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Men på heimebane har Vik fått refs av ein tidlegare Høgre-politikar som oppmoda politikaren til å «komme seg ut av Farmen-bobla».

LES OGSÅ: Odelsjenta får ikkje garden

Staute senterpartistar
Vangen meiner den høge Senterparti-deltakinga i norske reality-program kan ha samanheng med at program som «Anno», «Farmen» og «Jakten på kjærleiken», lett kan knytast opp mot senterpartiverdiar.

– Senterpartiet er jo kjent for å vere oppteken av historia og landbruk. Senterpartistar er heller ikkje redd for å ta i eit tak, seier medierådgjevaren.

Så lenge dei er gode ambassadørar er Vangen utelukkande positiv til å syne fram staute senterpartistar på tv. Han finn berre eit lite minus:

– Det kan vere nokre medier som heng seg litt opp i det, og det kan jo ta ein del tid.

QUIZ: Kva veit du om Senterpartiet?