Skal bli mindre flaut å handle Viagra

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nå startar arbeidet med å etablere nettapotek i Noreg. Helsedirektoratet får snart marsjordre frå helseministeren. Høyringsutkast blir sendt ut torsdag, seier stortingsrepresentant og medlem i helsekomiteen, Sveinung Stensland (H), til NTB.

LES OGSÅ: Forskarar: Eksos kan gi demens

Regjeringspartia har under behandlinga i helse- og omsorgskomiteen sikra seg ryggdekning frå støttepartia Venstre og Kristeleg Folkeparti. Det inneber at forslaget vil få fleirtal når det skal stemmast over det i Stortinget.

– Dette betyr at nå kan du snart kjøpe Viagra via internett lovleg i Noreg. Dette er spesielt gledeleg for folk som bur i distrikta, som har vanskeleg for å komme seg til apotek eller rett slett synest det er flaut å handle det dei treng, seier Stensland.

Det må regelendringar som opphevar dagens avgrensingar på sending av legemiddel til for at apoteka skal kunne gå på nett. Blant anna krev omsynet til personvern endringar i e-reseptløysinga og nye tekniske tilpassingar for at ein skal kunne omsette reseptpliktige legemiddel på nett. Ordninga skal etter planen vere på plass neste år.

LES OGSÅ: Livets harde universitet