20. september set Chanel Strand seg på flyet til Lesvos. Ho vil vera med på å hjelpa syriske flyktningar. 

Tomas Bruvik, Kvinnheringen
Tomas Bruvik, Kvinnheringen

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

I vekevis har grufulle tv-bilde vist flyktningar som rømmer heimlanda sine i Midt-Austen. Mange av dei kjem til øya Lesvos i Hellas, som er første stopp på veg til andre land i Europa. På øya er det minimalt med støtteapparat og flyktningane som kjem dit får lite hjelp. Det er tv-bilda som gjer at kvinnheringen Chanel Strand no har bestilt flybillett til Hellas.

– Det er hjarterystande å sjå bilda og eg føler heile verda sit og ventar. Eg vil ikkje venta, men vera med og hjelpa.

LES OGSÅ: Lever midt i flyktningkrisa i Ungarn

Chanel kjem frå Husnes, men bur på Karmøy, og reiser til Hellas saman med ei venninne. Med seg har dei tre koffertar med utstyr som kan hjelpa dei som er i naud. Alt frå bleier, smokkar, litt medisin, sinksalve, sko og liknande tek damene med seg. Dei har fått 25 førstehjelpsskrin frå brannkorpset.

– Vi har ikkje plass til meir bagasje no, og kan difor ikkje ta imot meir. Vi skulle ønskt vi kunne teke med mykje meir, seier Chanel.

I løpet av onsdag vil Chanel og ha på plass ei Facebook-side kalla «Silent of tears».

– Her vil eg skriva om kva vi skal gjera og korleis det går i Hellas. Det blir òg mogleg å donera pengar, slik at vi kan handla inn naudsynt utstyr når vi kjem ned.

– Veit du kva som ventar deg?

– Nei, ikkje anna enn det vi har sett på tv-bilda. Det er eigentleg umogleg å vita, og vi må ta det som det kjem.

– Når vi kjem til Hellas vil vi ta kontakt med andre som alt er komne fram, og hjelpa der vi kan hjelpa til. Det er no svært varmt i Hellas med opp mot 40 grader. Det vi difor har tenkt er å leiga ein bil og prøva å køyra barn og eldre dei om lag åtte mila, dei elles måtte gått for å koma fram til mottaket som er på Levsos. Vi veit mellom anna at det er stort behov for sko, og difor har vi prioritert å få det med oss.

Dei to damene har planlagt å vera der nede i ni dagar.

Chanel er for tida mellombels oppsagt i oljebransjen og ho legg ikkje skjul på at det kostar ein del å reisa for å hjelpa

– Men dette er mi prioritering, eg hadde ikkje fått sova godt om eg ikkje gjorde noko for å hjelpa, seier Strand.

– Kvir du deg?

– Nei, det einaste eg tenkjer på er at eg ikkje får hjelpt alle. Skulle så gjerne teke dei med meg heim, alle i saman.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE