Partiprogramma for Oslo på nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er både stolte og glade for at me har fått til dette, seier leiar for Oslo Mållag, Helene Urdland Karlsen, som meiner det er ein demokratisk rett å få valprogramma på si eiga målform.

LES OGSÅ: 97 sider utan nynorsk

42.000 nynorskbrukarar
Med tanke på at det bur mange nynorskbrukarar i hovudstaden har Oslo Mållag kontakta alle partia som er representerte i bystyret og tilbydd seg å omsetja partiprogrammet deira til nynorsk.

– Denne kampanjen spring ut av eit ønske om å hjelpa til i staden for å løfta peikefingeren, heiter det i ei pressemelding frå mållaget.

Dei viser til meldingar om at nynorsken er på framvekst i hovudstaden og at heile 42.000 menneske over 15 år nyttar nynorsk i byen.

Desse partia har takka ja til tilbodet om å få programmet sitt omsett til nynorsk: Oslo Raudt, Oslo Høgre, Oslo Ap, Oslo SV, Oslo KrF, Oslo MDG, Oslo Sp og Oslo V.

Oslo Frp er derimot ikkje å lista.

På Oslo Mållag sine nettsider finn du partiprogramma på nynorsk.