Oslo Mållag har omsett partiprogram i Oslo til nynorsk. Dei vonar dette snart vert sjølvsagt i innflyttarfylket.

Faktaboks

 Desse partia har takka ja til tilbodet om å få programmet sitt omsett til nynorsk: Oslo Raudt, Oslo Høgre, Oslo Ap, Oslo SV, Oslo KrF, Oslo MDG, Oslo Sp og Oslo V.

På Oslo Mållag sine nettsider finn du partiprogramma på nynorsk.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Tusen takk! Dette er eit veldig bra tiltak. Eg er sjølv ein svoren nynorsktilhengjar, men me burde aller helst ha gjort det sjølv. Det er for dårleg, seier leiar i Arbeidarpartiet sitt homonettverk Jon Reidar Øyan.  

Som 21. kandidat til Oslo bystyre står han på stand i Spikersuppa når Oslo Mållagkjem bort med Ap sine partiprogram på nynorsk.

LES OGSÅ: Ungdomspartileiarar: – Me forstår ikkje nynorsk

Stemoderleg nynorskbehandling
Arbeidarpartiet sjølv har omsett den originale bokmålsversjonen av programmet til engelsk, polsk, litauisk, arabisk, urdu, farsi, somalisk og tyrkisk – men har først i slutten av valkampen fått ein nynorskversjon.

Arbeidarpartipolitikaren ser at sjølv om nynorsken ikkje har mange fiendar, kan det vere utfordrande når det vert snakk om å prioritere pengar til nynorsktiltak.

Øyan medgjev at nynorsk nok har blitt behandla litt stemoderlig, sidan nynorskbrukarar òg kan lesa bokmål. No vonar han at dei til neste valkamp kan samarbeida med Mållaget for å få mest mogleg materiell tilgjengeleg på nynorsk.

Akkurat dette er noko av det Oslo Mållag håpar at skal kome ut av kampanjen deira.  I år ville Noregs største lokallag gjere noko heilt konkret for saka. Sidan det var lokalval bestemte dei seg for å tilby partia i bystyret i hovudstaden hjelp til omsetjing.

Alle partia takka ja, med unnatak av Frp som ikkje har svara.

– No skal me ha sett standarden i Oslo, så neste valkamp er det sjølvsagt at alle programma er tilgjengelege på nynorsk, seier leiar i Oslo Mållag Helene Urdland Karlsen.

LES OGSÅ: 97 sider utan nynorsk

Jon Reidar Øyan (Ap) med leiar i Oslo Mållag Helene Urdland Karlsen og styremedlem Sigrid Sørumgård Botheim
Ap-politikar Jon Reidar Øyan vonar partiet hans vert betre på nynorsk til neste val. 

Vil hjelpa Frp
Leiaren i Oslo Mållag fortel at både politikarar og andre har vore svært positive til tiltaket. Den mykje omtala nynorskmotviljen har dei ikkje sett noko til.

– Mange er ærlege på at dette er noko dei ikkje er flinke nok til og har uttrykt at dei treng hjelp, seier Urdland Karlsen, som vil ha ei positiv vinkling på kampanjen.

Likevel er det slik at eitt parti ikkje har takka ja til tilbodet. Den engasjerte målkvinna er ikkje overraska over Frp, men understrekar at tilbodet framleis står.

– Me har veldig lyst til å omsetta partiprogrammet til Frp, dersom dei har lyst å kasta seg på, seier leiaren i Oslo Mållag, som heller ikkje er framand for tanken om å hjelpa mindre parti å omsetta partiprogramma deira.

LES OGSÅ: Nynorsk-misnøye i Høgre

Stolt og partipolitisk nøytral
Styremedlem i Oslo Mållag Liv Eldegard Talle meiner det er eit demokratisk viktig prinsipp å få lesa valprogramma på målet sitt.

Ho peikar på at innflyttarfylket Oslo har mange nynorskbrukarar og vonar initiativet deira kan inspirere andre byar og mållag.

– Så kva skal ein stemme i Oslo for å vera på parti med nynorsken?

– Me har valt å vera partipolitisk nøytrale, smilar Eldegard Talle.

Stortingsrepresentant Gunvor Eldegard (Ap), Liv Eldegard Tange og Torstein Vik Århus i Oslo Mållag.

– Dette er eit kjempegodt initiativ, men me skulle jo gjort det sjølv, sa stortingsrepresentant Gunvor Eldegard (Ap), som sjølv er medlem i Follo Mållag. Ho traff Liv Eldegard Talle (midten) og Torstein Vik Århus i Oslo Mållag på Egertorget. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

Kommentarar

ANNONSE