Nynorskkommune med Noregs beste slagord

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kåra til beste norske slagord

– Dette må me feira litt, og i første omgang skal me gjera det med kransekake her på rådhuset, sa Sande-ordførar Dag Vaagen til NRK.

QUIZ: Klarar du å fullføra kommuneslagorda?

Det er radioprogrammet «Nitimen» på NRK P1 som har samla inn 20 finalistar blant dei mange kreative kommuneslagorda her til lands.

Sande kommune på Søre Sunnmøre i Møre og Romsdal har kring 2600 innbyggjarar og merkar seg ut med kreativ språkleg marknadsføring.

«Utanfor allfarveg – heldigvis!» vant med 36 prosent av stemmene frå «Nitimen»-lyttarane. Dei snappa sigeren rett framfor nasen til dialektslagordet «Det årnær sæ» frå Fredrikstad.

Tredjeplassen gjekk til Farsund med «Kysten er klar».

Sjarmerande ljug
Retorikar Kjell Terje Ringdal tykkjer slagordet til Sande er snertent og vitnar om musikalitet og språkforståing.

– Eg tykkjer det er veldig fint fordi dei tek fram det me kunne tro var deira svakaste side, nettopp at dei ligg utanfor allfarveg. Men dei snur det, og lyg på ein sann og sjarmerande måte, sa Ringdal då han analyserte slagordet under Nitimens sending.