Kva slagord har kommunen?
Norske kommunar legg æra si i meir eller mindre vellukka slagord. Klarer du å fullføra slagorda?


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Då Rauma i 2011 vann Nationen si kåring av beste norske kommuneslagord meinte dåverande ordførar Torbjørn Rødstøl at slagordet «Verdens beste kommune for naturglade mennesker» har medverka til å snu trenda med fråflytting og lågare folketal.
Å ha eit godt slagord kan med andre ord gjere ein stor forskjell for kommunar som slit med omdømme og fråflytting, men det er viktig at folk kan kjenne seg att i påstanden.
Kommuneslagorda legg gjerne vekt på å fortelje kor godt det er å bu i kommunen, at dei er i vekst og utvikling eller kor ideelt plassert kommunen er. Nokre er enkle å forstå – andre ikkje.
Faktaboks
Dei beste kommuneslagorda i 2011:
· Rauma kommune – «Verdens beste kommune for naturglade mennesker»
· Herøy kommune – «Ei båtlengd føre»
· Østre Toten – «Tett nok ved og langt nok unna»
· Eid kommune – «Eid inviterer»
· Utsira kommune – «Utsira gir energi»
· Frøya kommune – «Øyriket mot storhavet»
· Farsund kommune – «Kysten er klar»
· Lyngdal kommune – «Vi vil – vi våger»
· Kvinesdal kommune – «Vakker, vennlig, vågal»
· Salangen kommune – «Sprenger grenser»
Kjelde: Nationen