Sand i yrkesfagmaskineriet

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først publisert på Industri Energi sin blogg.

Knuste draumar. Eit samfunn som ikkje får arbeidskrafta vi treng. Behovet for fagarbeidarar er enormt, men svært mange ungdommar får ikkje læreplass. Eg trur tida er inne for å tenke nytt rundt yrkesfag 2+2-modellen.

Det er sand i fag- og yrkesopplæringsmaskineriet.  Årleg vert  rundt 6000 yrkesfagelevar ståande utan læreplassi sterk kontrast til Statistisk Sentralbyrås anslag om at Norge kjem til å mangle 90 000 fagarbeidara i 2035.

Det manglar ikkje på politiske initiativ frå både venstre og høgresida til å auke talet læreplassar. I nokre fag vil det kunne vera rett medisin.

Det offentlige må ta større ansvar som lærestad innan helse- og omsorg. Som stor innkjøpar av tenester, kan det offentlige bidra til fleire læreplassar også i privat næringsliv gjennom å stilla krav ved innkjøp.

LES OGSÅ: – Risikerer fråfall og varig arbeidsløyse

Vi løyser ikkje lærlingkrisa med fleire læreplassar aleine
Politisk vilje og fleire læreplassar er likevel ikkje nok. Vi må også sjå nærmare på om dagens 2+2-modell, altså to år på vidaregåande skule etterfølgt av to år i læretid på ein arbeidsplass, er optimalt.

Ei av dei større utfordringane, er at elevar som vel eit yrkesfag ved overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring umogleg kan føresei kva læreplassar som vil vera tilgjengelig til å fullføra del to av utdanninga, to år fram i tid.

Olje- og gassbransjens kraftfulle drag i naudbremsen gjennom året har skapt store ringverknadar som set svært mange yrkesfagelevar i ein vanskelig livssituasjon. Dei går ei høgst usikker framtid i møte.

LES OGSÅ: Her er Noregs mest populære lærebedrift

Elevar følar seg villeia
Lærlingkrisa, som råkar Vestlandet spesielt hardt, er ingen ny situasjon. Det er historia som gjentek seg sjølv.

Tidlegare i sommar satt Bergens Tidende fokus på den alvorlige situasjonen. Ein av fire yrkesfagelevar stod utan læreplass i Hordaland. 450 ungdommar som ikkje visste kva dei skal gjera med livet sitt til hausten.

Avisa skreiv om Austrheim Vidaregåande Skule, der ein heil klasse som har brukt tre år skulegong på automatiseringsfag utan læreplass (automatiseringsfag består av tre år skule og atten månader læretid, ikkje to år skule og to år læretid som dei fleste andre fag). Elevane seier med god grunn at dei føler seg villeia. Då dei byrja på utdanninga vart dei fortalt at det var ein attraktiv veg å gå.

LES OGSÅ: Inga hjerneflukt frå Hordaland

Eg vart sjølv ramma av IT-bobla, og måtte byrja på nytt
Underteikna gjekk sjølv i denne fella ved å gå IKT-driftsfag (IT) under IT-bobla ved årtusenskiftet. Etter to år på skule og eit år i lære gjekk lærebedrifta konkurs. Dotcom-bobla sprakk og ny læreplass var ikkje å oppdrive. Det kosta tre dyrebare ungdomsår. Ein ny start på vidaregåande (kjemi- og prosessfag) vart løysinga.

Modellen for dei aller fleste yrkesfaga i Norge i dag, er basert på 2+2-modellen. Vi legg altså til grunn at elevar i ein alder av seksten år skal kunne føresei korleis arbeidsmarknaden ser ut to år fram i tid!

Forsking viser: heile det norske samfunnet, inklusiv næringslivet, tener på ein sterk yrkesfagopplæring

Fafo-forskarane Anna Hagen Tønder og Torgeir Nyen har skreve boka «Yrkesfagene under press», og eit oppsummerande innlegg i Dagens Næringsliv. Eit av momentane dei trekk frem, er at gjennom Reform 94 tok arbeidslivet på seg ein del av ansvaret for yrkesfagopplæringa.

Både privat næringsliv og det offentlige som arbeidsgjevar har derfor eit betydelig samfunnsansvar som opplæringsinstitusjon. Noko dei sjølv nyt godane av gjennom tilgang på høgkompetent arbeidskraft som bidreg til produktivitetsvekst og styrka konkurranseevne.

Fafo-forskarane peiker også på at trepartsamarbeidet mellom myndigheiter, arbeidsgivarane og fagbevegelsen, gjennom styrken det gjer fagutdanninga i Norge,  motverkar todeling i arbeidslivet mellom faglært og ufaglært arbeidskraft.

Og små forskjellar, men store moglegheiter, er igjen eit av dei viktigaste kjenneteikna ved den norske modellen.

Betre i Danmark? Kanskje vekslingsmodellen er ei løysing
Partane i arbeidslivet (og kanskje arbeidsgjevarsida spesielt) må derfor saman med myndigheitene spørja seg korleis lærlingkrisa, med mange tusen utan læreplass, utfordrar 2+2-modellen.

Gjer arbeidsgjevarane sin del av samfunnsansvaret tilfredsstillande? Bør vi i større grad styra kor mange plassar som er tilgjengelige i yrkesfaga på vidaregåande for å motverka at for mange vel enkelte retningar? Bør nokre av faga gå bort frå 2+2-modellen?

Etter inspirasjon frå den danske vekslingsmodellen har mellom anna Hordaland Fylkeskommune sett i gang forsøk med ei ny ordning der elevane vekslar mellom skule og opplæring i bedrift i heile læreløpet i staden for 2+2-modellen. Det fjernar moglegheita for at eleven går to år på skule for så å finna ut at det ikkje lenger eksistera læreplassar på grunn av konjunkturendringar.

Tømrarelev ved Slåtthaugen Vidaregåande Skule, Ole Petter Hellesø Milde, peiker i eit intervju med Bergensavisen på at ei slik ordning kan vera meir motiverande for elevar som slit med motivasjonen i dei teoretiske faga. Oslo, som har hatt forsøksordninga enda litt lenger enn Hordaland, rapporterer også om positive tilbakemeldingar frå alle partar.

Kanskje bør årets utgåve av lærlingkrisa vera startskotet for utvida forsøksordningar med vekslingsmodellen?

Den vil heilt sikkert ikkje passe for alle yrkesfag, men situasjonen i dei konjunkturutsette faga skrik etter ei løysing.

Arbeidsgjevarane må ta ansvar!
På kortare sikt må arbeidsgjevarsida innafor dei mest kriseramma faga kjenna litt ekstra på ansvaret sitt i haust.

Ungdommane som står utan læreplass til hausten risikera å falla utanfor arbeidslivet.

Det vil få alvorlege konsekvensar for den enkelte, og samtidig vera eit betydeleg kompetansetap for samfunnet som heilhet.