Runar blir stempla som for dum for kommunestyret

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Runar blir stempla som for dum

Bjørkum kritiserer Fitjar SV for å ha Runar Søreide Skogedal (23), som har Downs syndom, på lista til kommunevalet.

– Det er ille. På eit visst punkt må sunn fornuft ha forlate nominasjonskomiteen, skriv Bjørkum – redaktør i Hordaland Folkeblad mellom 1990 og 2002 – i eit lesarabrev, under tittelen «Ein downar i politikken?», som står på trykk i tysdagens Sunnhordland.

Men 72-åringen, som er busett i Kårevik, stoppar ikkje der.

Jens Petter Gitlesen, forbundsleiar i NFU, meiner Olav Bjørkum er «ekstremt fordomsfull» i sin omtale av Runar Søreide Skogedal. FOTO: NFU

Kjæledyr
– Påstanden min er at ein kandidat frå gruppa med Downs syndrom ikkje er i stand til å setja seg inn i innfløkte saker, forfatta i eit byråkratisk språk. Han vil heller ikkje bli møtt i kommunestyret som ein likeverdig diskusjonspartner. Han vil vera ein person som vert sett på som ein «annan», som regimentets kjæledyr, same kva honnørord som vert brukte, melder Bjørkum.

Han meiner vidare at ein eventuell plass for Søreide Skogedal vil vera ei bjørneteneste både mot kandidaten og mot kommunestyret, og at han ikkje vil kunna realitetsorientera seg i det virvaret som eit politisk organ er.

– Eitt medlem mindre
I intervjuet med Framtida.no uttala 23 år gamle Runar, som jobbar med ved på Podlen Verkstad, at han som politikar vil jobba med saker som angår seg sjølv og venene sine – som trening og klubb. Han går på Mandagsklubben på Leirvik, i tillegg til å trena vekter og spela handball.

Men hos Bjørkum får han ingen sympati.

– Eit kommunestyre har ikkje fleire medlemmer enn det treng. Ved å velja inn ein med Downs syndrom vil det i praksis vera eitt medlem mindre.

Nasjonal sak
Det var Framtida.no som først omtalte saka 19. august. I etterkant heiv nasjonale media seg på. Deriblant drog eit tv-team frå NRK heim til Runar Søreide Skogedal og pappa, ordførarkandidat Geir Tore Søreide i Fitjar SV, på Fitjar.

LES OGSÅ: Runar Søreide Skogedal stiller til val på Fitjar

Dette vert omtala slik av Bjørkum i lesarbrevet:

– Kandidaten (Runar Søreide Skogedal journ.anm.) vart også trekt fram i fjernsynet, ikkje som ein visjonær politikar, men som ein med Downs syndrom som knapt kunne gjera greie for seg. Å, så gode me er.

Og:

– Ideelt sett skal dei politiske partia leita med lys og lykte etter dei beste kandidatane; folk med mykje kunnskap, med evne til å halda hovudet kaldt når særinteresser pressar på, og ikkje minst evne til å tenkja heilskap og konsekvens.

Bjørkum konkluderer med at det heile minnar om eit marionetteater, gjennom at Søreide Skogedal «kan verta ein kasteball i avrøystingar».

– Teoretisk kan han verta tunga på vektskåla i enkelte saker, og han vil då alltid ha ein politikar bak seg som får han til å røysta på rette måten, skriv Olav Bjørkum.

Vepsebol
Då Sunnhordland kontaktar Bjørkum tysdag morgon utdjupar han lesarbrevet sitt slik:

– Eg er ikkje typen som likar å stikka meg fram. Men denne gongen følte eg at eg måtte det. Eg reagerte momentant i sist veke, då eg las saka om Runar Søreide Skogedal og Fitjar SV, seier Bjørkum til Sunnhordland.

– Så du står for det som står i lesarbrevet?

– Ja, hundre prosent. Søreide Skogedal er fint skikka til å gjera ein jobb i mange fora, der dei kan bli både sett og høyrt, men ikkje i eit kommunestyre.

Sunnhordland si side på Facebook byrja kritikken mot Bjørkum å koma tidleg tysdag morgon. Deriblant frå nestleiar i Utdanningsforbundet på Stord, Marit Himle Pedersen.

– Eit lesarinnlegg som dette kunne eg ha forstått viss det høyrte inn under «Sunnhordland for 50 år sidan», knapt nok då. Dette viser kunnskapsløyse og manglande respekt for menneske me sjeldan ser i 2015, skriv Pedersen.

Sjølv hevdar lesarbrevskrivaren å berre ha fått positive attendemeldingar, så langt.

– Eg visste eg stakk handa inn i eit vepsebol då eg skreiv brevet. Men eg har ikkje fått så mykje kjeft til no, melder han.

LES OGSÅ: Lysbakken: – Veldig stolt over Runar

Respekterer meiningar
Far til Runar Søreide Skogedal, Geir Tore Søreide, er ordførarkandidat for Fitjar SV. Samstundes er han leiar i Hordaland NFU. Han seier til Sunnhordland at han skjønar at folk har meiningar om at son hans står på SV si liste til kommunevalet.

– Det respekterer eg. Men eg er ikkje særleg interessert i å gå i noko lang debatt om dette i avisa, seier han tysdag morgon.

– Men kan Bjørkum ha rett, i at de gjer Runar ei bjørneteneste ved å la han stå på lista – og kanskje utset han for å hamna i ein situasjon der han må ta del i oppgåver som blir for store?

– Nei, eg ser ikkje slik på det. Høyr, målet vårt med dette er ikkje å fylla opp kommunestyret med utviklingshemma. Runar har heller ingen ambisjon om å bli politikar. Målet er å visa omverda at utviklingshemma finst, og at dei også kan ta del i samfunnet vårt og ha eit fint liv, seier Søreide.

Den tolvte mann
Han fortel ei historie om då Fitjar drog til Dana Cup, og Runar vart den første utviklingshemma spelaren der. Dermed innførte turneringa begrepet «den tolvte mann», der dei fekk lov å bruka ein spelar ekstra.

– Alternativet er å stua dei vekk, ikkje sant, og det er ikkje noko god tanke. I Danmark i dag så er det slik at 90 prosent av svangerskapa, der ultralyden avslører at fosteret har Downs syndrom, vert avslutta. Me snakkar om utrydding, seier Geir Tore Søreide.

NFU: – Bryt med demokratiet
Forbundsleiar Jens Petter Gitlesen i Norsk forbund for utviklingshemmede (NFU) er skremt over haldningane som Olav Bjørkum legg for dagen.

– Me har heldigvis ytringsfridom i landet vårt, så at han uttalar seg er heilt legitimt. Men det han skriv er diskriminerande, og tilnærma fascistoide haldningar. Det er ekstremt fordomsfullt, og argumenta hans minner om dei som i lange tider vart brukte mot dei svarte i Sør-Afrika. Å setja oss over andre myndige individ er ei farleg og krevjande øving. At Bjørkum tillegg politikarar kompetansekrav bryt i tillegg med demokratiet vårt, seier Gitlesen til Sunnhordland.

Han reagerer også på at Bjørkum heng seg opp i at det er så mykje å gjera for ein politikar.

– Det er forvaltninga som skal ta seg av det faglege. Ein politikar skal prioritera, og sikra forankringa i folket. Det er viktig å skilja desse to rollene, seier Gitlesen.

Les saka i Sunnhordland!