Opnar for sal av alkohol på valdagen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Les saka i Møre-Nytt.

Saka skal opp i formannskap og kommunestyre denne veka. Løyvet skal gjelde sal av alkohol inntil 4,7 vol % i daglegvarebutikkar på den ordinære valdagen.

Bakgrunnen er at forbodet mot butikksal vart oppheva gjennom ei endring av alkohollova, med verknad frå 1. januar i år. Som følgje av denne endringa vart Vinmonopolet sine opningstider endra tilsvarande.

Den særlege regelen om at Vinmonopolet sine butikkar skal halde stengt julaftan, gjeld framleis.

LES OGSÅ: No kjem appen som fjernar ølko og bartendar

Rådmannen presiserer at dersom kommunen ikkje opnar for ølsal på valdagen, vil Vinmonopolet sitt lokale utsal måtte halde stengt.Skjenkestadene har hatt høve til å servere alkohol valdagen, og med dette som bakgrunn har ikkje rådmannen særlege merknader til den nye endringa.

Frå 2005 har det også vore høve til å skjenke brennevin denne dagen. Rådmannen vurderer difor den rusmiddelpolitiske effekten av endringa som svært liten.

– Og det faktum at om lag 30 prosent av veljarane førehandsrøyster, tilseier at akkurat denne regelen i alkohollova må seiast å ha eit meir symbolsk/praktisk innhald.

LES OGSÅ: To av ti kvinner vert sjikanert i jobbfylla