Satsar ti millionar på dataspel

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dataspel er ein bransje i vekst, der vi no får til eit tettare næringsretta samarbeid mellom Kulturdepartementet, Filminstituttet og Innovasjon Norge, seier kulturminister Thorhild Widvey (H) i ei pressemelding frå departementet. 

LES OGSÅ: «Herregud, ho er jo jente»

I dag vart det første Næringspolitisk råd for kulturell og kreativ næring heldt. Der vart pilotprosjektet «Spill ut i verda» presentert.

Prosjektet har som mål å auka omsetning og eksport av norske dataspel gjennom å støtta norske dataspelverksemder som har internasjonale ambisjonar og vekstpotensial med kunnskap og kapital.

Etter planen skal prosjektet lanserast i 2016.

– Globalisering og digitalisering fører til enklare tilgang til nye marknader, kundar og leverandørar. Likevel er eksporten liten for dei norske kulturelle og kreative bransjane, seier direktør for Innovasjon Norge, Anita Krohn Traaseth.

Ho meiner «Spel ut i verda» har eit stort potensiale

LES OGSÅ: Egil Olsen – no også i dataspel

Innovasjon Norge og Kulturdepartementet bidreg med fem millionar kroner kvar.

Det er Innovasjon Norge som skal utforme innhaldet i pilotprogrammet i samråd med Kulturdepartementet, Norsk filminstitutt og bransjen.