Egil Olsen – no også i dataspel

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Egil Olsen vert dataspelfigur

Tysdag vart det norskproduserte spelet «Dreamfall – Chapters» lansert internasjonalt på PC, Mac og Playstation 4.

Artisten Egil Olsen frå Ørsta bidreg med musikk til gigantspelet. Spelet blir sleppt i fem episodar framover. I kvar episode er Egil Olsen representert med ei låt, heiter det i ei pressemelding.

LES OGSÅ: På songskrivarkurs med Egil

Sjå videoar frå spelet nedst i saka.

– Musikken står alltid i fokus, men å finne nye måtar å presentere musikken min på er veldig spennande, seier Olsen.

Han har tidlegare hatt kunstutstilling, skrive om sine engelskspråklege låtar til nynorsk poesi, laga filmmusikk i Japan og hatt eigen teikneseriestripe i Dagbladet, i tillegg til eigenproduserte musikkvideoar, animasjonar og platecover.

– Nokre av dei er frå det komande albumet til Olsen, som kjem på nyåret, medan andre er komponerte spesielt for spelet.

I første episode får du høyre låten «Don't just say you love me show me». Du kan til og med finne Egil Olsen sjølv, som ein karakter i spelet, syngande med gitaren framfor eit lite publikum på eit gatehjørne. Og her kan du stoppe opp og høyre fleire akustiske låtar "live".

– Etter å ha blitt tatt bilde av frå alle vinklar, laga dei ein modell av meg i 3D. Denne modellen kan dei få til å gjere kva som helst. Flaut, seier Olsen om animeringa.

Under kan du sjå videoen av animeringa av Egil Olsen:

Saka var først publisert i Møre-Nytt.