Roblox innfører 13-årsgrense
Endringa gjeld frå 18. november.
Ifølgje ein bloggpost frå dei som lagar det populære online spelplattforma Roblox, vil dei innføre ei aldersgrense på 13 år.
Det var Tek.no som først omtalte saka i Noreg.
Aldersgrensa vil ikkje gjelde for heile plattforma, men for nokre funksjonar. Store delar av innhaldet til Roblox blir laga av spelarane. Roblox seier at dei ikkje har kontroll på om dette innhaldet er passande for barn, og difor innfører dei aldersgrensa.
Det gjeld kommunikasjon med tekst eller tale, og nokre av teiknefunksjonane deira.
Aldersgrensa gjeld frå 18. november i år.