Professor Dag Jørund Lønning etterlyser eit radikalt paradigmeskifte i måten me tenkjer landbruk og dyrking av mat.

Dag Jørund Lønning, rektor og professor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling
Dag Jørund Lønning, rektor og professor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling

Innlegget var først publisert hjå Norsk Landbrukssamvirke.

På forsommaren deltok eg som innleiar på verdskongressen for berekraftig framtid i California. Verdas fremste berekraftstenkjarar møttest her for å drøfta dei enorme klimautfordringane me står overfor, og om me framleis, realistisk sett, kan sjå føre oss ei framtid der menneskeleg ressursforbruk ikkje legg planeten vår øyde.

Landbruk var, naturleg nok, eit heilt sentralt tema. Var det noko konferansen var tydeleg på, var det at me treng eit gjennomgripande og radikalt paradigmeskifte i måten me tenkjer landbruk og dyrking av mat.

LES OGSÅ: EAT og landbruket lanserer klimasamarbeid

Kjernen i eit berekraftig landbruk
Kva må då vera sjølve kjernen i eit berekraftig landbruk? Framtidslandbruk er sjølvsagt mangfald, både når det gjeld bruksstorleik og produktspekter, men det er eitt forhold, ein relasjon, ein byggestein, som alltid må vera der. Dette er det skapande møtet mellom menneske og mold. Båe er ekstremt kompliserte storleikar, båe er ekstremt kompliserte prosessar.

Det å kunna hausta av det lokale ressursgrunnlaget, utan å utarma dette for komande generasjoner, er sjølve grunnlaget for at landbruk kan vedvara over tid. Bonden, mangesyslaren, må også vera mykjekunnaren, han og ho må kjenna og arbeida på lag med dei komplekse prosessane i jorda, det lokale klimaet, den lokale kulturen, lokalsamfunnet sine ressursar og behov, dei vidare marknadsmekanismane, osv. Han og ho må ha mot, visjonar, leikelyst, framtidstru og skaparglede.

LES OGSÅ: – Berekraft kan ikkje vedtakast

Når maskinen blir sett i sentrum forsvinn berekrafta
Når denne kompleksiteten blir sett til side, når menneskelege behov blir reduserte til rein masse/kvantitet og når mold blir redusert til reint medium for profitt, då er ikkje dette møtet lenger skapande. Det ber derimot preg av einsidig utbytting. 

Dagens globale volumlandbruk er ikkje berekraftig. Tvert om øydelegg det jordsmonnet for komande generasjonar. 25 millionar tonn (!) matjord blir kvart år skylt vekk, mykje grunna kjemikalieintensive monokulturar. I dei periodar molda ikkje kan nyttast til vekstmedium, blir den overlaten til ver og vind. Næringstap må erstattast med stadig meir kunstige midlar. Den negative spiralen skyt fart.

Ei tilsvarande innsnevring og utmagring finn og stad på den menneskelege sida av det som starta som ein skapande fellesskap. Landbruk blir omdefinert til masseproduksjon, til teknologi, til maskinkunnskap. Når levande liv blir sett på og behandla som om det var daud materie, då har me eit reint industrielt landbruk.

Maskinen, det daude, er no sett i sentrum. Det levande er redusert til nummer, vekt og tal. Og, når det trugar med å bryta ut att av desse snevre grensene (å bryta kunstige grenser ligg trass alt i det levande sin natur), har me eigne prosedyrar for å hanskast med «avvik» (les: enno meir teknologi og kjemi).

LES OGSÅ: Matjord – eit klimaspørsmål

Eit ikkje-berekraftig landbruk for dei som elskar ordet «billig»
Eit slikt landbruk er ikkje lenger samfunnsbyggande og -støttande. Dette er eit landbruk for dei spesielt interesserte: for gutar med interesse for store maskinar, for middelaldrande menn som har lært seg omgrepa «rasjonell produksjon» og «effektivitet», for ultraliberalistiske politikarar som elskar ordet «billig» og som manglar forståing for at menneske består av meir enn mage, kravmentalitet og høgrefot til å trykka på ein gasspedal.

Mystikken er borte, leiken er borte, skapargleda er borte, kreativitet trengst ikkje – då oppskrifta er gitt og maskinen gjer jobben.

Dette er eit degenerert landbruk, eit landbruk prega av innavl og det introverte, eit landbruk som effektivt kuttar band etter band til samfunnet rundt, og til samfunnsgrupper og generasjonar ein vil vera heilt avhengig av i framtida.

LES OGSÅ: – Mat er ikkje dyrt i Noreg

Noreg – på full fart mot industrilandbruk?
For ordens skuld; eg skriv ikkje berre om «utlandet» no. Me slepp på ingen måte unna radikal endring i Noreg heller. Den same øydeleggjande intensiveringa, det same destruktive synet på levande jord som reint medium og kjelde til kortsiktig økonomisk profitt, blir no tvinga fram her heime på berget. Dette gjennom ein politikk som i aukande grad premierer stor, større, størst.

Landbrukspolitikken me no ser konturane av her i landet peikar mot rein industrialisering, mot driftsformer som blir meir og meir like dei me finn i land me ikkje likar å samanlikna oss med på dette området. Konsekvensane er attgroing og fråflytting i nokre område, overintensivering og utarming av matjord i andre, og ein planet som blir stadig meir tappa for ressursar.

LES OGSÅ: Menneske og mold – den grøne revolusjonen

Kan me attskapa banda mellom menneske og mold?
Dersom målet er at nye generasjonar skal fatta interesse for landbruk og god jordforvalting, kan me ikkje halda fram med å sidestilla det å dyrka mat med det å produsera billege forbruksvarer i plast. Å omdanna naturressursar til mat er rett og slett for viktig, beint fram livsviktig. Eit landbrukspolitikk som reduserer oss til «produsentar» og «konsumentar» blir då platt og triviell.

Framfor kunstige skilje og enno meir framandgjering, treng me å attskapa banda mellom menneske og mold. I eit land som har usle 3 prosent med dyrkbart land, må me gjera jordvern (både arealvern og landskaps-/jordforvalting), og det å dyrka mat til noko me alle kjenner ansvar for, uavhengig om me bur på gard eller i ein byleilegheit. 

Me får ikkje ei berekraftig framtid eller ein berekraftig planet utan eit berekraftig landbruk. Snunaden må starta her. Politikken må følgja opp, gjennom å stimulera til / premiera drift som set menneske og god jordbehandling i sentrum.

LES OGSÅ: Odelsjenta får ikkje garden

«Den lille bonden»
Det er på tide å ta fram att Roy Jacobsen sitt dikt, «Den lille bonden». Før eller seinare får diktaren rett. For planeten si skuld, får me vona at det blir før. Her er dei siste strofane:

Men døren har han ennå litt på klem, den lille bonden.
Han hører når graset gror
og når jorden snart skal føde.
Han som har tapt. Til nå.
Men som vi kanskje må spørre snart
om veien. Dit vi kom fra.

Der det gror.


Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

Kommentarar

ANNONSE