123 studentar utestengt frå alle utdanningar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

123 studentar utestengt for lovbrot

Register for utestengte studenter (RUST) er det ved studiestart hausten 2015 registrert 123 personer, som alle er utestengt frå all høgare utdanning, melder Utdanningsnytt.

Målet med registeret er å hindra at ein student som er utestengt ved ein institusjon, får opptak eller får ta eksamen ved ein annan institusjon.

Dei fleste utestengingssaker dreier seg om juks.

Tidlegare i år gjennomførte Universitas ei undersøking, der det kom fram at nesten fem gongar så mange menn som kvinner har juksa på eksamen.

Andre ting som kan føra til utestenging er falske vitnemål, farleg åtferd, brot på teieplikt eller utestenging av sikkerheitsmessige grunnar.

I fjor kom det inn 95 tvilsmeldingar på studentar knytt til sikkerheit. Etter at ni av sakene enda i ei sikkerheitsnemnd enda det med at to sjukepleiarstudentar vart funne ikkje skikka til studiet, ifølgje Utdanningsnytt.