Nedgangen i oljenæringa gjev kapasitet til å fornya ferjeflåten. – Me er klare til å ta oppdraget, seier Tekna-tillitsvald Terje Nordtun.

Svein Olav B. Langåker
Faktaboks

Innanlands ferjetrafikk slepp i dag ut kring 400.000 tonn CO2 i året. Dette utgjer nær éin prosent av alle utslepp frå Noreg.

Ein rapport frå Bellona og Siemens viser at av alle dei 180 ferjene som kryssar norske fjordar vil:
• 84 ferjer passa for heilelektrisk drift
• 43 ferjer passa for hybrid-teknologi
• Totalkostnaden er 3,5 milliard kroner (inkludert infrastruktur og ladeløysinger), men innsparinga vil bli 700 millionar pr år.
• Tiltaket vil redusera CO2-utsleppa med 300.000 tonn i året. Det tilsvarer utslepp frå 150.000 bilar.

LES FAKTALUKK FAKTA

Låg oljepris og nedgangen i oljebransjen har ført til at 36.357 jobbar er varsla kutta, ifølgje ferske Nav-tal. Dette er betydeleg høgare enn tidlegare anslag.

Wärtsilä Ship Design er blant verdas største på design av spesialskip. Dei merkar godt nedgangen i oljenæringa, og gav nyleg melding om at dei må kutta 30 årsverk.

Tekna-tillitsvald Terje Nordtun har ei klar melding til politikarane:

– No må de leggja føringar for å bruka ny teknologi. De må våga å satsa på nye ferjer. Me er klare til å ta jobben.

Han får støtte frå direktør i Wärtsilä Ship Design, Ove Wilhelmsen, som gjerne vil vera med på teikna fleire ferjer:

– Politikarane må køyra knallhardt på å stilla miljøkrav, seier han.

Wärtsilä arbeider no med trådlause ladestasjonar for skip, som vil gjera ladinga endå enklare, held han fram.

Forsøket med ferja Folgefonn på sambandet Jektevik – Nord-Huglo – Hodnanes meiner Wilhelmsen viser kor fleksible løysingar ein kan laga med batteri- og hybriddrift.

– Opp til fylkespolitikarane
Av dei totalt 180 ferjene som kryssar norske fjordar, vil det løna seg å skifta ut 84 av ferjene til batteridrift og 43 ferjer til hybrid drift. Det tilsvarer over 70 prosent av den norske ferjeflåten. Det er konklusjonen i ei fersk  undersøking som Siemens har laga i samarbeid med Bellona.

LES SAKA: Batteriferjer knuser dieselferjer på lønsemd

Hege Økland, dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, meiner kjøparane av batteriferjer kan vera trygge på at dei er både meir lønsame over tid og at teknologien er moden.

– Batteriteknologien blir industrialisert, og blir meir og meir brukt på skip. Framtida er elektrisk og ein treng ikkje å gå vegen om biogass, seier ho.

– No handlar det berre om at fylkespolitikarane følgjer opp.

I Hordaland har fylkeskommunen ansvar for 17 ferjesamband. Dagens kontraktar går alle ut seinast 2018 og fleire strekningar skal snart ut på anbod.

LES OGSÅ: Vil starte miljøløft i Hordaland

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03
ANNONSE