Dobbelt så mange adoptivborn slit psykisk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Adoptivborn slit psykisk

Danske forskarar fann at hyppigheita av psykisk sjukdom var dobbelt så høg hjå adoptivborn, som hjå born som er oppdratt av sine biologiske foreldre, melder NRK.

Undersøkinga som er presentert i siste utgåva av Ugeskrift for læger vart gjort i Danmark i tidsrommet 1994 til 2005.

7000 adopterte born i alderen 0–11 år vart undersøkt og samanlikna med ei kontrollgruppe på 500.000 born, fødd og oppdratt av sine biologiske foreldre.

Adoptivborna var oftare hjå fastlegen, og vart oftare vist vidare til spesialistar. Dette skuldast oftast psykiske eller åtferdsmessige problem.

Professor Carsten Obel ved institutt for folkehelse ved Aarhus universitet, forfattaren bak den danske studien, meiner at det er trong for auka bevisstheit rundt den psykiske helsa til adoptivborna.

– Den overgangen som skjer når ein kjem til eit nytt land og møter sine nye foreldre, kan vere veldig overveldande for nokre born. Det kan bli ei livskrise, seier Obel til det danske nyheitsbyrået Ritzau.