Helse- og industrigull til Noreg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg håpar at dette bidreg til at enno fleire får auga opp for dette livsviktige faget, seier Jenny-Marlen S. Fossan, ifølgje ei pressemelding frå Worldskills Norway.   

LES OGSÅ: No vil over halvparten gå yrkesfag

Livsviktig helse
Natt til måndag norsk tid vart ho kåra til verdsmeister i helsearbeidarfaget i yrkes-VM i  São PauloBrasil.

– Eg fekk sjokk då dei sa Norway og namnet mitt, seier oslojenta, som til dagleg jobbar ved Balsfjord bo- og servicesenter i Troms.

I tillegg fekk ho medaljen «Best of nation» som den personen med høgste poengsum på det norske laget.

– Eg har trent mykje og no har eg verkelig fått løn for strevet. Pasientane mine har alltid fått god behandling, og det skal dei fortsetje å få, seier den glade gullvinnaren, som tykkjer det er verdifullt å kunne bidra til at andre får ei god helse.

I konkurransen har helsefagarbeidaren mellom anna fått bryna seg på heimetenesteoppgåver knytt til MS, kols og demens. 

LES OGSÅ: Fleire elevar fullfører yrkesfag


– Noreg treng sårt mange tusen fleire helsefagarbeidarar, så kom igjen, bli helsefagarbeidar, oppmodar Jenny-Marlen S. Fossan (22).

Industrisjokolade
I fire dagar har nesten 1200 deltakarar frå meir enn 60 land konkurrert i 50 ulike fag.

Det norske yrkeslandslaget bestod av 19 ungdommar i alderen 18 til 22 år.

Full pott vart det òg for Martin Østnor frå Lierne, som til dagleg jobbar i Nidar i Trondheim.

– At det vart gull til Noreg i industrifaget må bety at me har gode kvalitetar i industrien. Eg meiner at fleire burde velje industrifag. Då får ein eit allsidig yrke, med eit vidt spekter av oppgåver. Det er et veldig artig yrke. Ingen dagar er like, ein må vere kreativ og jobba for å finna gode løysingar, fortel 19-åringen, som tek med seg mange gode erfaringar frå konkurransen.

– Oppgåvene har vore varierte. Ein viktig del var å setje saman og laga eit transportband som nyttar eit hydraulisk aggregat. Eg har då montert og tilpassa alle delar og komponentar for å få det til å fungere. 

Østnor, Fossan og tolv andre av dei norske deltakarane fekk og med seg «Medal of Excellence», som går til deltakarar som får meir enn 500 poeng i konkurransen.

Yrkesfag-VM tek sikte på å auke kunnskapen og statusen til yrkesfaga og trakk til seg nesten 260.000 vitjarar.

LES OGSÅ: Lærlingløft frå regjeringa

IMG_1112
Martin Østnor (19) klarte å halde fokus på oppgåvene sjølv med mange publikummarar tilstades. 

Stolt minister 
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen var tidleg ute for å gratulera yrkeslandslaget. Han gler seg over at ungdommane viser kor mange flinke yrkesfagelevar Noreg har og at dei får opp interessa for faga sine. 

– De er fantastiske ambassadørar for yrkesfaga. Når andre ser kva de presterer og at de tykkjer det er morsamt å konkurrera, så kan det få dei til å ta i eit ekstra tak på skulen eller i lærebedrifta. De er òg strålande eksempel på dei mange spanande arbeidsmoglegheitene yrkesfaga gjev, seier ministeren til WorldSkills.