Lat argumentasjon om studentar

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommentaren var først publisert i Universitas.

Thina Saltvedt (44) sa til Dagens Næringsliv at ho har fått nok av studentar som treng ferie, og at det går heilt fint å både studera, jobba på sida, og jobba fulltid om sommaren. Sidan ho klarte seg fint for 20 år sidan, burde me også gjera det i dag.

Det er kjempeflott for Saltvedt at ho i 1993 klarde å jobba ved sida av studia og at ho aldri har tatt ferie i meir enn to veker. Etter intervjuet har ho understreka at ho ikkje meiner studentar flest er late, men at dei som tek sommarferie er det. Sjølv om ho sparte seg for generaliseringa, blir det lite elegant.

Saltvedt fekk raskt svar frå NSO-leiar Therese Eia Lerøen til Saltvedt som fortel at 9 av 10 studentar har sommarjobb. Men Saltvedt er ikkje den einaste som meiner studentane jobbar for lite. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen sa til DN i vår at «om du brukar 40-50 timar i veka på studia er det framleis rom for å jobba litt i helger, nokre kveldar i ny og ne, og ikkje minst på sommaren». Talet til Isaksen går langt over grensa som står i Arbeidsmiljølova, som seier at ei normal arbeidsveke ikkje skal vera over 40 timar, og garanterer minst fire veker fri i året. Dette har han med rette fått kritikk for.

LES OGSÅ: Ti tips for ein super studiestart

Medan Isaksen meiner Arbeidsmiljølova ikkje gjeld studentar, er arbeidsveka vår langt over normalen. Norske studentar brukar i snitt 34,7 timar på studiane i løpet av veka, ifølgje Studiebarometeret frå 2014 – eit tal som ga motstand i oppfatninga av late studentar frå året før. I tillegg jobbar dei 8 timar i veka på lønna arbeid utanom, og 3,5 timar frivillig – til saman 46,7 timar kvar veke.

I 2013 rekna Aftenposten på kor mykje støtta frå Lånekassen dekka av eit nøkternt forbruk for ein student, samanlikna med korleis det var tjue år tidlegare (1993, året då Thina Saltvedt var 22 år). Konklusjonen var at studielån og stipend kunne dekka 90 prosent av forbruket i 1993, og berre 70 prosent i 2013. Det er tal som viser klart og tydeleg at ein ikkje kan samanlikna studiekvardagen til ein person for tjue år sidan med situasjonen i dag. Sidan 2013 har studiestøtta fått eit lite hopp, men NSO har rekna seg fram til at ein snittstudent framleis går fleire tusen i minus om ein berre skal leva på studielånet.

Samstundes har me kvalitetsreforma for høgare utdanning, som kom inn for ti år sidan. Målet var å få tilbake heiltidsstudenten, ved å ha meir undervisning og intensitet, for å hindra fråfall. I sommar vart det konkludert med at prosjektet var ein fiasko, men studentane fekk meir obligatorisk undervisning utan særleg auke i studiestøtta som skulle finansiera det.

Konsekvensane av dårleg økonomi og lange arbeidsveker såg me i SHoT-undersøkinga frå 2014. 1 av 5 studentar opplever alvorlege psykiske symptomplagar, like mange opplever arbeidsstress. Samstundes seier 1 av 3 at dei er i ein sårbar økonomisk situasjon.

LES OGSÅ: Studentar i rekordlang psykologkø

Sjølv om overarbeida studentar brukar meir tid enn vanlege arbeidstakarar på studiar, deltidsjobb og frivillig arbeid gjennom eit studieår, tek altså nesten alle ein sommarjobb i tillegg. Dersom du er ein av dei få studentane som faktisk har hatt ferie denne sommaren, ikkje bry deg om Saltvedt og Røe Isaksen. Du har mest truleg fortent pausen.