Trening gir deg ein rus

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Illustrert Vitenskap skriv om «runner's high» – eit omgrep som i mange år har vore ein litt udefinert tanke om at å jogga, eller anna form for mosjon, ga deg ei form for rus.

Det har aldri vore heilt bevist – før no.

LES OGSÅ: Adrenalin på stang

Den tyske forskaren Henning Boecker har gjort forsøk på ti mannlege løparar frå München, og skanna dei medan dei kvilte, og så etter to timar høg aktivitet.

Boecker såg at alle løparane hadde store mengder endorfiner i hjernen, og at det var størst endring i områda som er knytta til kjensler. Løparane gjekk òg gjennom ein psykologisk test, som viste samanhengen mellom endorfinene i hjernen og det gode humøret dei fekk etterpå.

Effekten er på mange måtar lik ein orgasme – der det også blir utløyst mykje endorfin i hjernen.

Dette er ikkje ein klar konklusjon – men mykje tyder på at fysisk aktivitet faktisk gir deg ein form for rus. Endorfin blir ofte kalla «kroppens eige rusmiddel», sidan det kan dempa smerter og gi ei kjensle av velvære. Sjølve namnet kjem delvis frå ordet «morfin», ifølgje Wikipedia.

LES OGSÅ: Bygger seg til topps